Kven er redd?

Kvifor er det så vanskeleg å leve i lag?

Og kvifor kjennest det som om alle glir frå deg medan du prøver å lage sjukt god osso buco?

Alt Bjørn vil er at familien skal ete eit godt måltid og ha det hyggeleg i lag. Men sonen – som for litt sidan var hiphopar, skater og emo – no er blitt miljøbevisst NU-ungdom og skal på møte. Dessutan et han ikkje mat som ikkje har hatt eit godt liv. Dottera skal treffe den eldre bilmekanikarkjærasten frå Åfjord. Med kona Ingvild utvekslar han ikkje stort anna enn spydigheiter og drepande replikkar. Dei har ein pågåande stillingskrig der både barn, foreldre og kollegaer blir brukte som gissel og levande skjold.
Ei hyggeleg familiestund verkar milevis unna.

Middels i alt

Dette er kvardagen i familien til Bjørn. Han er elles ein middelmådig skodespelar midt i livet ved eit middels stort institusjonsteater. Og for første gong på ti år skal han spele ei stor rolle, nemleg George i Kven er redd for Virginia Wolf? Parallellen til hans eige ekteskap er tragikomisk. Kona slutta å sjå framsyningane han er med i for fleire år sidan. Foreldra hennar, som sit godt i det og er av høgare klassebakgrunn enn han, mista interessen for kunstnarsvigersonen da dei skjønte at han ikkje var kjendis.

Identitetskrise

Bjørn vaklar mellom å kjenne seg som ein arbeiderklassegut (noko den ubehøvla faren hans er ei konstant påminning om) og sin nye identitet som moderne familiefar med stor kjærleik til utsøkt kokkekunst og den gode samtalen. Han veit eigentleg enno ikkje heilt kven han vil vere. Så kanskje han berre kan begynne å drikke?

 

Sterkt lag

Carl Frode Tiller og Lasse Kolsrud, som skal ha regi på framsyninga, er eit par som tidlegare har vist seg å fungere godt saman. Lars Horntveth, kjent frå Jaga Jazzist og National Bank.