Jørgensen og Moe

Ei pittelitt jazza helsing til Ingvar Moe

Dette er skodespelar Ingrid Jørgensen Dragland, musikar Ole Kristian Wetten og regissør Lasse Kolsruds kjærleikserklæring til forfattaren Ingvar Moe.

I Jørgensen og Moe vil dei male eit grundig portrett av den allsidige mannen gjennom ord og tonar.

Forfattaren, kåsøren og moromannen frå Etne i Sunnhordaland var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særigen stemme. Han debuterte i 1975 som «dialektdiktar» med diktsamlinga løktastolpefrø, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Produksjonen hans omfattar både vaksen- og barnelitteratur, dikt, noveller, lærebøker, kåseri, revytekstar og popsongar.

Ingvar Moe

Invgar Moe hadde heile livet eit ambivalent elsk/hat-forhold til heimbygda Etne, og dette er sjølve grunntonen i Ingvar Moes dikting. Syttitalet var ei tid med veksande lokalsamfunnssjåvinisme, og han var ein av dei sentrale representantane for denne rørsla. Medan han var kritisk til trongsynet, folkesnakket og fordomane som fanst i heimbygda, snakka han varmt om lokalbefolkingas skapande kraft og strie vilje. I forfattarskapen hans blir dette forholdet skildra med både humor, ironisk snert og mykje kjærleik. Solidaritet med andre menneske, dei såkalla «kvardagsmenneska», var også sentrale motiv i diktinga hans, og dette har han til felles med andre kjente vestlandsdiktarar som Per Sivle og Jakob Sande.

 

Jørgensen møter Moe er produsert av Haugesund Teater i samarbeid med Det Norske Teatret.