Johnsen og Johnsen i live

Ein filosofisk og melankolsk komedie.

«Keeping up with the Joneses» er eit fast uttrykk i amerikansk som refererer til ein gammal teikneserie som fleipar med det å gjere som naboen, la seg dirigere av naboen, og naboen heiter høgst sannsynleg også Jones, eit nokså vanleg etternamn i den engelsspråklege verda, slik Johnsen og Johansen er det hos oss. Men kva snakkar dei om når dei møtest? Viss dei møtest?

Kvifor er det så vanskeleg å finne dei rette orda? Kva gjer vi når språket ikkje strekk til? Vi held fram med å prøve. Dette er det dramatikar Will Eno undersøkjer i sin kvardagsfilosofiske og til tider absurde komedie, som prøver å finne ut kven Johnsenane verkeleg er. Gjennom å la eit ferskt vennskap mellom to nabopar falde seg ut for publikum, avslører teksten sider ved oss som er lett gjenkjennelege.

– Det er berre som om vi ikkje pratar.
– Kva er det vi driv med no, då? Matte?
– Nei, vi – eg veit ikkje – kastar ord på kvarandre, kan du seie.

Kommunikasjon og tankar

Regissør Anders T. Andersen ønskjer å få fram dei sorgmuntre sidene ved teksten om dei to ektepara med same etternamn. Etter kvart kjem det fram at dei også deler ei mørkare hemmelegheit. Dei forsøker å nærme seg kvarandre, men pratar heile tida forbi kvarandre. Dei er saman, men åleine med tankane sine. Likevel, gjennom å prøve å bli kjende med kvarandre, lærer dei også seg sjølve betre å kjenne.

SUKSESS FRÅ BROADWAY

Will Enos The Realistic Joneses, er ein uventa suksess frå Broadway. Originaloppsetjinga hadde mellom anna Michael C. Hall (Dexter, Six Feet Under) i ei av hovudrollene. Det Norske Teatret er først ute i Europa med å setje det opp. Stykket har vunne Drama Desk Award, blitt utropt til «Best play on Broadway» av USA Today, toppa The Guardians liste over amerikanske skodespel for 2014 og var på lista over New York Times oppramsing av «Best Theatre of 2014».

 

Originaltittel:

THE REALISTIC JONESES
Av Will Eno