Ivar Aasen og det norske

Korleis ville livet i Noreg i 2015 i ha vore, om Ivar Aasen ikkje hadde gitt oss eit nytt språk å bale med?

Ein ung, energisk Ivar Aasen full av planar og ambisjonar sit på eit hotellrom. Han prøver å formulere sitt livs prosjekt i ein søknad som han håpar skal skaffe han pengar til gjennomføring. Han har fleire moglege vegar og gå, og er enno ikkje heilt sikker på om det er botanikken eller grammatikken som skal bli prosjektet.

Det enda jo – som vi alle veit – med grammatikken. Nynorskens far er eit kjent namn for dei fleste nordmenn. Samstundes er det dei færraste som har klart for seg kva for ein enorm bragd denne mannen eigentleg gjorde, der han vandra rundt i landet for å samle dialektar og få ein oversikt over det norske språket. Ikkje likte han å snakke med framande, ikkje likte han å reise. Likevel brukte han årevis av livet sitt på det å reise frå stad til stad og snakke med framande – alt for å fullføre eit prosjekt som han ikkje hadde nokon som helst garanti for at nokon ville interessere seg for.