Innsikt

  • Scene : FOAJEEN
  • Pris frå: 0 ,-

Velkommen til Innsikt!

Vi tilbyr eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping i sesongens repertoar. INNSIKT er som oftast knytt til kveldens framsyning og går føre seg i Bikuben eller på Scene 3. Arrangementa er gratis og du treng ikkje billett.

 

17. APRIL KL. 18.45: INTRODUKSJON TIL KIMEN

ved Olav Vesaas

Tarjei Vesaas er ein av dei mest sentrale forfattarane i norsk litteratur. Sjølv sa han at han stod i bøkene sine i alle slags forkledningar. Kven var eigentleg diktaren sjølv? Sonen Olav Vesaas er journalist og forfattar. Våren 2018 kom boka Tarjei Vesaas – ein diktar i tida ut i nytt opplag. Høyr han fortelje om faren, diktaren og menneske Tarjei Vesaas. I Bikuben før framsyninga Kimen.

18. APRIL KL. 19.00 – INTRODUKSJON FØR UTAFOR

ved Svein Tindberg

Svein Tindberg er kjend for mange som skodespelar. No debuterer han som instruktør med framsyninga Utafor. Ei framsyning med og for ungdom, der temaet utanforskap utforskast. Høyr han fortelje om prosessen og framsyninga i Bikuben.

24. APRIL KL. 19.15: INTRODUKSJON TIL UTAFOR

ved Nancy Herz

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med. «Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Nancy Herz er samfunnsdebattant, aktivist og forfattar. I 2017 var ho med å lage boka Skamløs, som mellom anna satte negativ sosial kontroll på agendaen. Høyr Herz introdusere Utafor i Bikuben før framsyninga.

25. APRIL KL. 19.15 INTRODUKSJON FØR ANTIGONE

Ved Eirik Welo

Antigone er ein fleire tusen år gammal tragedie. Kva betydning hadde teateret for framveksten av demokratiet i Athen?  Kva plass hadde mytane i det antikke greske samfunnet, og er dei framleis aktuelle i vår tid? Eirik Welo er prodekan ved Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo og underviser  i gammelgresk – språk og litteratur. Høyr Welo introdusere Antigone i Bikuben før framsyninga.

26. APRIL KL. 19.15 INTRODUKSJON FØR ANTIGONE

Ved Eirik Welo

Antigone er ein fleire tusen år gammal tragedie. Kva betydning hadde teateret for framveksten av demokratiet i Athen?  Kva plass hadde mytane i det antikke greske samfunnet, og er dei framleis aktuelle i vår tid? Eirik Welo er prodekan ved Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo og underviser  i gammelgresk – språk og litteratur. Høyr Welo introdusere Antigone i Bikuben før framsyninga.

02. MAI KL. 18.45: INTRODUKSJON TIL KIMEN

ved Olav Vesaas

Tarjei Vesaas er ein av dei mest sentrale forfattarane i norsk litteratur. Sjølv sa han at han stod i bøkene sine i alle slags forkledningar. Kven var eigentleg diktaren sjølv? Sonen Olav Vesaas er journalist og forfattar. Våren 2018 kom boka Tarjei Vesaas – ein diktar i tida ut i nytt opplag. Høyr han fortelje om faren, diktaren og menneske Tarjei Vesaas. I Bikuben før framsyninga Kimen.

12. MAI KL. 17.15 INTRODUKSJON FØR ANTIGONE

Ved Eirik Welo

Antigone er ein fleire tusen år gammal tragedie. Kva betydning hadde teateret for framveksten av demokratiet i Athen?  Kva plass hadde mytane i det antikke greske samfunnet, og er dei framleis aktuelle i vår tid? Eirik Welo er prodekan ved Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo og underviser  i gammelgresk – språk og litteratur. Høyr Welo introdusere Antigone i Bikuben før framsyninga.

24. MAI KL. 19.15: INTRODUKSJON TIL UTAFOR

ved Nancy Herz

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med. «Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Nancy Herz er samfunnsdebattant, aktivist og forfattar. I 2017 var ho med å lage boka Skamløs, som mellom anna satte negativ sosial kontroll på agendaen. Høyr Herz introdusere Utafor i Bikuben før framsyninga.

30. MAI KL. 19.15: INTRODUKSJON TIL UTAFOR

ved Nancy Herz

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med. «Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Nancy Herz er samfunnsdebattant, aktivist og forfattar. I 2017 var ho med å lage boka Skamløs, som mellom anna satte negativ sosial kontroll på agendaen. Høyr Herz introdusere Utafor i Bikuben før framsyninga.

31. MAI KL. 19.15: INTRODUKSJON TIL UTAFOR

ved Nancy Herz

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med. «Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Nancy Herz er samfunnsdebattant, aktivist og forfattar. I 2017 var ho med å lage boka Skamløs, som mellom anna satte negativ sosial kontroll på agendaen. Høyr Herz introdusere Utafor i Bikuben før framsyninga.

05. JUNI KL. 19.15 INTRODUKSJON FØR ANTIGONE

Ved Eirik Welo

Antigone er ein fleire tusen år gammal tragedie. Kva betydning hadde teateret for framveksten av demokratiet i Athen?  Kva plass hadde mytane i det antikke greske samfunnet, og er dei framleis aktuelle i vår tid? Eirik Welo er prodekan ved Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo og underviser  i gammelgresk – språk og litteratur. Høyr Welo introdusere Antigone i Bikuben før framsyninga.

 

Har du tankar og innspel om INNSIKT?

Ta kontakt med formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås: erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no