Vi tilbyr eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping av sesongens repertoar. INNSIKT er som oftast knytt til kveldens framsyning. Arrangementa er gratis og du treng ikkje billett, men det er avgrensa med sitteplassar. Velkommen!

Har du tankar og innspel om innsikt?

Ta kontakt med formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås: erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no

Framsyningar

Panelsamtale før Det e hardt å være b**ch Kva gjer makt med oss?

Tid: Torsdag 27. januar kl. 19.30
Stad: Scene 2

Kva gjer makt med oss? Og ser vi ulikt på menn og kvinner med makt?
I forkant av framsyninga inviterer vi publikum til ei samtale mellom tidlegare adm. dir i Innovasjon Norge og Hewlett-Packard Norge, Anita Krohn Traaseth, regissøren bak kinodokumentaren "Trond Giske- Makta rår", Håvard Bustnes og skodespelar og tidlegare teatersjef ved Hålogaland Teater Iren Reppen. Samtalen vil bli leia av Einar Lie, professor i moderne økonomisk og politisk historie.

Kjøp billett