Publikum møter karakteren Kristian Andersen som er fotballsupporter for Raufoss Fotbal, og det er han historia blir til igjennom.

Kristian er ute på foredragsturné i regi av Norges Fotballforbundet og FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald. Kristian snakkar om homofili i fotballen, diskuterer kvifor det er så vanskeleg å stå fram som homofil om ein er fotballspelar. Ingen har stått fram enno. Når kjem denne siste bastionen for gammaldags maskulinitet til å falle?
 Kristian er leiar av supporterklubben 2830 - Gul og Svart, supporterklubben til Raufoss. Han er sjølv homo og lidenskapeleg oppteken av klubben sin og av fotball i det heile.

Fotballspelet handlar om samhald, fellesskap, lagånd. Eit lag er eit lite samfunn der alle skal ha sin plass uansett. Kristian fortel om ein venn han har på internett. Eller venn? Han kjenner han ikkje, han veit i grunnen ingenting om ham. Ikkje kva han heiter, ikkje kor han bur, ikkje kva for klubb han speler for. Men han veit at han er fotballspelar, og at han er homofil. Kristian kallar han Ingen. Namnet har han henta frå historia om den greske helten Odyssevs som kalla seg Ingen for å lure den einauga kyklopen. Når Odyssevs stikk ut auget på trollet, roper det: Ingen har skada meg! Ingen har blinda meg! Ingen har rana meg! Men ingen bryr seg, sidan ingen har gjort noko. Ingen spelar i 2. divisjon. Kven i all verda er han? Kristian avslører meir og meir om seg sjølv når han fortel om dette dømet han har. Dømet på at det iallfall finst ein homofil spelar i norsk fotball – Ingen.

Framsyninga er også basert på samtalar med Raufoss fotballklubb, samt med ein anonym fotballspelar på nettstaden Gaysir.

Speletid: om lag 40 minutt, i tillegg blir det prat på scenekanten etter framsyninga.

Framsyninga er støtta av Norges Idrettsforbund og Fritt Ord

Finn ut meir