Nominert til Heddaprisen 2023 for Beste regi og Beste scenetekst.

Terningkast seks

«En forestilling som røsker i hjerte og sjel»

Terningkast fem

«Jeg har sett mange bra teaterforestillinger i Trøndelag i 2022, (...) Men ingen har tatt meg så sterkt som «IDIOT!»

Aldri før har så mange barn fått ein diagnose. Diagnosar kan gi ei forklaring og vere ønskte, men også vere eit stempel det er vanskeleg å akseptere og umogleg å leve med. I "IDIOT!" spør vi korleis ein merkelapp kan endre eit liv, og korleis det er å vere forelder når barnet ditt fell utanfor.

I 1903 blei Statens Abnormskole starta på Røstad. Barn og ungdom som fell utanfor samfunnets normer blei sende til spesialskolen. Myten fortel at da barna kom til Røstad med toget, var det sett opp tribunar på stasjonen for at folk skulle få sjå «toillingan», som dei blei kalt. Med tida endra omgrepa seg frå åndssvake til evneveike, frå tilbakeståande til utviklingshemma. Felles for barna og ungdomane var at dei ikkje passa inn i tidas normalitetsomgrep og krav som folkeskolen hadde.

Med utgangspunkt i historier frå Røstad, skriv dramatikar og regissør Nina Wester ei forteljing om normalitet og korleis samfunnet sorterer menneske i ulike kategoriar og diagnosar. Stykket er basert på intervju med personar som budde og jobba på spesialskolen, og med foreldre til barn som i dag blir sett på som annleis.

På scenen står 4 skodespelarar som vever personar og tider inn i kvarandre, og spelar historier frå vårt Trøndelag som aldri før har blitt fortalte.

MED Ingunn Beate Strige Øyen, Marte Mortensdatter Steinholt, Mats Gukild, Tore B. Granås

Gjestespel frå Turnéteatret i Trøndelag.
Framsyninga er støtta av Fritt Ord og Dramatikkens hus.

Finn ut meir