Herr Marmelade

Korleis ser barn på oss vaksne?

Og kva hender med ein fireåring som har såpeseriar, tenåringsjenter og kjærastene deira som barnevakt?

Lucy er ein slik fireåring. Ho har skaffa seg ein fantasivenn som er både sadistisk og rusmisbrukar: Herr Marmelade. Ein forretningsmann med hang til kokain og porno, som har til felles med mor hennes at han heller ikkje har tid til henne. Derfor kjem ofte assistenten hans i staden, den underkua Bradley, som berre får bank. Mor til Lucy kjem ofte seint heim med forskjellige menn. Ho har aldri møtt Herr Marmelade. Ikkje så rart, for både Bradley og Herr Marmelade er produkt av fantasien til eit barn som har fått oppleve dei mørkare sidene ved vaksenlivet alt for tidleg.

Ein kveld sit nabojenta, Emily, barnevakt for Lucy, medan mor er på vift. Emily luktar ekkelt, og er mest sannsynleg ikkje jomfru, ifølge Lucy. Denne kvelden har ho med seg kjærasten sin, og han har med seg veslebroren. Han har bandasje surra rundt begge handledda og skryt av at han er det yngste sjølvmordsforsøket i New Jersey. Han heiter Larry, og blir forelska i Lucy. Det oppstår eit trekantdrama mellom Herr Marmelade, Lucy og Larry, der Lucy vel Herr Marmelade framfor den snille og deprimerte guten.

Forbodne fantasiar

Til slutt blir det eit ordentleg par av Lucy og Herr Marmelade. Det tar ikkje lang tid før ho blir med barn, og dei fell inn eit destruktivt samlivsmønster med fysisk og psykisk misbruk, stadige kranglar og rus. Ein kan lett lese dette som eit stykke om korleis det går med barn som opplever for mykje vaksenliv. Men vel så mykje blir leiken hennar eit bilde på oss vaksne – gjennom barneauge ser vi oss sjølve med nye auge.

Original stemme

Noah Haidle (1978) er ein av dei mest interessante stemmene i amerikansk samtidsteater og gjer stor suksess med sin vågale og originale dramatikk. I stykka hans går handlinga like ofte føre seg i karakterane sine hovud som i den fysiske verda. Mr. Marmalade (2004) var gjennombrotsstykket hans, og blei sett opp første gongen ved off Broadway-teatret Roundabout Theatre Company med Michael C. Hall (Six Feet Under og Dexter) i rolla som Mr. Marmalade til svært gode kritikkar. Sidan er det sett opp ved mange teater i USA og Tyskland. Det er første gongen framsyninga blir spelt i Noreg. Det Norske Teatret har tidlegare sett opp Haidles stykke Lucky Happiness Golden Express.