Heisenberg

  • Scene : SCENE 2
  • Varigheit : 1 time 30 min (ikkje pause).
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: 3. november 2017

Overgi deg til det uføreseielege

Kva fører to menneske saman?

Ei yngre kvinne kysser utan vidare ein eldre mann i nakken på ein jernbanestasjon. Dei kjenner ikkje kvarandre. Georgie, som ho heiter, er sekretær på ein skule. Ho seier alltid det ho tenker, sjølv når ho lyg. Ho forandrar meining midt i ei setning. Ho er ubehøvla, bannar så det lyser og slit med å sove om nettene. Alex, den eldre mannen, er ein pertentleg einstøing med vanestyrt liv. Han har sin eigen slaktarbutikk, men manglar kundar. Og han har sin eigen sære stil.

Kor open skal ein vere om seg sjølv, når ein aldri veit kor opent det andre mennesket er? Ingen av dei speler med heilt opne kort, og begge treng dei kvarandre av ulike grunnar. Det usannsynlege møtet deira utviklar seg etter kvart til eit like usannsynleg forhold.

Kjærleikens kvantefysikk

Tittelen på stykket viser til den tyske fysikaren og Nobelprisvinnaren Werner Heisenberg som på 1920-talet oppdaga kvantemekanikken. Eit av dei viktigaste funna er uskarpheitsrelasjonen. Den seier at alt i universet oppfører seg både som ein partikkel og ei bølgje på same tid, og at ein derfor ikkje kan måle nøyaktig posisjon og rørslemengde samstundes.

Slik er det med menneska òg. «Om du betraktar noko på nært hald forstår du at det er umogleg å vite kor det skal eller kor raskt det kjem seg dit». Vårt syn på menneska rundt oss skiftar, alt etter kva vi veit, kva vi ser og kor vi ser det frå.