Heddadagane

Framsyningar frå heile Noreg!

Heddadagane er ein teaterfestival for heile Noreg i Oslo, som blir avslutta med den prestisjetunge Heddapris-utdelinga.

  • Tjidtjie

    12 juni kl. 19.30

    av Ane Aass

    Sørsamiske barn har i generasjonar blitt sende heimanifrå for å bu på internat og gå på skole. Det var ein bevisst del av fornorskingspolitikken, seinare blei det eit middel i gjenreisinga av den samiske kulturen. Foreldra sende barna sine milevis av stad for at dei skulle lære samisk språk og kultur, og såg dei ofte ikkje igjen før i feriane. Framsyninga handlar om desse barna og ungdommane. Det handlar om vennskap og forelsking. Om vidda og lyset på sommarfjellet. Om eit språk som er i ferd med å døy ut. Og det handlar om ei 6-årig jente som saknar mor si, si ”Tjidtjie”.
    Passar frå 13 år. Blir spelt på norsk.

  • The Book of Mormon

    12. juni kl. 20.00

    av Stone/Parker/Lopez

    Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Vi følgjer to unge mormonarmisjonærar på deira første utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

  • New Skin

    12. juni kl. 21.00

    av Becker/Langgård

    New Skin er eit scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon. - Eit framtidsrekviem, ei seremoniell framvising av ei partert historie der skjelett, kroppsdelar, måleri, lydar og melodiar piplar fram frå mørkeret og blir sette saman på ny. Stykkevis og delt, kviskrande, syngande og brølande vil vi vekke noko nytt ut av knoklane, bryte ned gamle maktstrukturar, bygge eit nytt narrativ, påkalle ei ny bevisstheit. Dei vil leie publikum baklengs inn i framtida, medan signal frå popkultur, mytologi, og gamle gløymde gudinner blir kanaliserte frå mørkeret og inn i scenelyset.

  • Tjidtjie

    13 juni kl. 17.00

    av Ane Aass

    Sørsamiske barn har i generasjonar blitt sende heimanifrå for å bu på internat og gå på skole. Det var ein bevisst del av fornorskingspolitikken, seinare blei det eit middel i gjenreisinga av den samiske kulturen. Foreldra sende barna sine milevis av stad for at dei skulle lære samisk språk og kultur, og såg dei ofte ikkje igjen før i feriane. Framsyninga handlar om desse barna og ungdommane. Det handlar om vennskap og forelsking. Om vidda og lyset på sommarfjellet. Om eit språk som er i ferd med å døy ut. Og det handlar om ei 6-årig jente som saknar mor si. si ”Tjidtjie”.
    Passar frå 13 år. Blir spelt på norsk.

  • New Skin

    13. juni kl. 19.00

    av Becker/Langgård

    New Skin er eit scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon. - Eit framtidsrekviem, ei seremoniell framvising av ei partert historie der skjelett, kroppsdelar, måleri, lydar og melodiar piplar fram frå mørkeret og blir sette saman på ny. Stykkevis og delt, kviskrande, syngande og brølande vil vi vekke noko nytt ut av knoklane, bryte ned gamle maktstrukturar, bygge eit nytt narrativ, påkalle ei ny bevisstheit. Dei vil leie publikum baklengs inn i framtida, medan signal frå popkultur, mytologi, og gamle gløymde gudinner blir kanaliserte frå mørkeret og inn i scenelyset.

  • Utafor

    13. juni kl. 20.00

    av Svein Tindberg i samarbeid med Just Unity

    Det er utafor ein finn det mørkaste hatet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna. I Utafor møter vi ungdommar med ulik bakgrunn og ulik religiøs ståstad som veit kva dette kan bety. Terror, ekstremisme og fordommar er ein del av deira historie. Målet med framsyninga er å få fram at vi må ta ansvar for kvarandre, så ingen hamnar utanfor.

  • Blokk til blokk

    14. juni kl. 13.00

    av Jonathan Orellana Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro, Hedda Sandvig og Cici Henriksen

    Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt.

  • The Book of Mormon

    14. juni kl. 20.00

    av Stone/Parker/Lopez

    Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Vi følgjer to unge mormonarmisjonærar på deira første utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

  • Andvake

    15. juni kl. 19.00

    av Jon Fosse, basert på trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd
    Dramatisering: Torkil Sandsund

    Det er seinhaustes og Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høggravid, men ingen vil gi dei rom.
    Vi følgjer kampen deira for å finne ein stad å føde og korleis dei på ulikt vis blir innhenta og stilt til ansvar for vala dei tek undervegs.
    Andvake-trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprenger sin eigen veg, og om kjærleik som overlever sjølve livet.

  • The Book of Mormon

    15. juni kl. 20.00

    16. juni kl. 15.00

  • Áillohaš

    16. juni kl. 16.30

    Joik og poesi av Nils Aslak Valkeapää – eit utdrag frå “Den rimhårede og drømmeseeren”

    Framsyninga byr på eit unikt møte med den samiske multikunstnaren Nils Aslak Valkeapääs poesi, musikk og filosofi. Hovudmotivet i Valkepääs tekstar er kjærleiken, han plasserer evna til å elske som det heilt sentrale hos mennesket. Respekt og sjølvrespekt kjem gjennom den. Ein må lære å elske, også seg sjølv, for å kunne elske andre.
    Blir spelt på norsk og samisk.

  • The Book of Mormon

    16. juni kl. 18.00

    av Stone/Parker/Lopez

    Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Vi følgjer to unge mormonarmisjonærar på deira første utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

  • Áillohaš

    16. juni kl. 18.30