Framsyningar frå heile Noreg!

Heddadagane er ein teaterfestival for heile Noreg i Oslo, som blir avslutta med den prestisjetunge Heddapris-utdelinga.

Sjå heile programmet for festivalen på https://www.heddadagene.no/

Framsyningar

  • Dottera

    11. juni kl. 17.00
    12. juni kl. 17.00
    Hovudscenen/Bakscenen

    DOTTERA er del to i pentalogien LIVET – ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn, ungdom og kvarandre.
    Publikum sit på eit stillas fire meter over bakken og kikkar ned i ein bustad med soverom, kjøkken, bad, stove og gang. Samtidig får dei også utdelt kvart sitt headset, slik at det er mogleg å følge eit tredimensjonalt lydbilde.

    av Goksøyr&Martens
    Regi: Goksøyr&Martens
    Med: Julie Moe Sandø Oddgeir Thune Heidi Gjermundsen Broch Tuva Holen Benjamin Haug Hagen og Casper Falck-Løvås

    Les meir om «Dottera»
  • Våre barn

    Gjestespel frå Den Nationale Scene
    11. juni kl. 19.30
    12. juni kl. 15.00
    Scene 3

    Verda er i ferd med å gå av hengslene. Atomkraftverket er nesten øydelagt etter siste jordskjelvet. Vi møter eit ektepar, to pensjonerte kjernefysikarar, som får uventa besøk på den landlege tilfluktsstaden deira. Brått blir dei stilt overfor eit moralsk dilemma som femner vidt. Kor mykje vil vi gi avkall på for å betre framtidsutsiktene til dei som kjem etter oss?

    Av: Lucy Kirkwood
    Regi: Marie Blokhus
    Med: Marianne Nielsen, Jon Ketil Johnsen og Iren Reppen.

    Les meir om «Våre barn (Den Nationale Scene)»
  • Lazarus

    11. juni kl. 20.00
    Hovudscenen

    Ei av David Bowies siste gåver til fansen. Basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

    På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

    av David Bowie og Enda Walsh.
    Regi: Anders T. Andersen

    Les meir om «Lazarus»
  • The Book of Mormon

    12. juni kl. 20.00
    13. juni kl. 20.00
    14. juni kl. 20.00
    15. juni kl. 18.00
    18. juni kl. 20.00
    Hovudscenen

    Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Vi følgjer to unge mormonarmisjonærar på deira første utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

    av Stone/Parker/Lopez
    Regi: Vidar Magnussen

    Les meir om «The Book of Mormon»
  • Mare

    12. juni kl. 20.00
    13. juni kl. 19.30
    Scene 2

    Men kva får eit menneske til å hoppe frå balkongen og ta med seg barna sine? Anna enn verdas vondskap? At mørkeret har trengt seg inn i dei? Jorda er som ei stor mor som er lei oss.

    Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie har i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skape eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst.

    Av: Lisa Lie
    Regi: Lisa Lie
    Med: Renate Reinsve, Madalena Sousa Helly-Hansen, Christian Ruud Kallum, Oddgeir Thune og Kjersti Aas Stenby

    Les meir om «Mare»
  • Inkognito

    13. juni kl. 20.00
    Scene 3

    Kan hjernen fortelje oss kven vi er?

    i Inkognito møter vi tre historier vovne saman over ein periode på 60 år undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

    av Nick Payne
    Regi: Peer Perez Øian
    Med: Ola G. Furuseth, Ellen Birgitte Winther, Kaia Varjord og Morten Svartveit

    Les meir om «Inkognito»
  • Ways of Seeing

    Gjestespel presentert av Det Norske Teatret i samarbeid med Black Box teater.
    13. juni kl. 20.30
    14. juni kl. 13.00
    14. juni kl. 17.30
    15. juni kl. 18.30
    Scene 2

    I november hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det blei starten på ein oppheita debatt som resulterte i justisminister Tor Mikkel Waras avgang. No er den omstritte framsyninga klar for å bli vist for eit større publikum under den årlege teatermønstringa Heddadagane i Oslo. 13. til 15. juni vil Ways of Seeing bli sett opp på Det Norske Teatrets Scene 2 med 4 framsyningar. Ei framsyning som har skapt så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse og som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at folk kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket.

    Regi: Pia Maria Roll. Co-regi: Marius von der Fehr. Dramaturg: Kai Johnsen.
    Med: Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Ketil Lund.

    Støtta av: Norsk Kulturfond, Dramatikkens hus.

    Les meir om «Ways of seeing»
  • Staaloe - å bekjempe kjempene

    Gjestespel frå Åarjelhsaemien Teatere AS
    14. juni kl. 12.00
    14. juni kl. 18.00
    15. juni kl. 14.00
    Foajeen

    Ei lita samejente må kjempe mot den store, sterke Staaloe og kona Rovtehke. Ho er både blodtørstig og farleg, og har eit langt jernrør som ho brukar for å suge livet ut av folk. Derfor må jenta vere både lur og varsam.
    Staaloe er ein sentral mytologisk skapning i samisk forteljartradisjon. Han står for alle menneskelege svakheiter som vi skal lære å handtere som barn. Derfor blir han brukt som representant for kaos-kreftane i verda. Samstundes er han ein av «dei andre», dei som kjem utanfrå og ikkje forstår noko om samisk natur og tradisjon.
    Med framsyninga om den blodtørstige Staaloe og den onde kone, ønskjer Åarjelhsaemien Teatere å gi sitt bidrag til å halde den samiske forteljartradisjonen i live. Under Heddadagene manar dei fram kjempene, Sápmis største fiendar og blodsugar, for å lære folkevett og forstand!

    Passar spesielt for barn i alderen 6-10 år. (Kan vere skremmande for barn under 6 år)
    Framsyninga spelast på norsk med nokre samiske ord og uttrykk.

    Manus: Marianne Kappfjell
    Regi: Marianne Kappfjell og Leammuid Biret Ràvdnà
    Dramaturg/ kunstnerisk konsulent: Mette Brantzeg
    Dukkemaker: Grete Larsen.
    Kostyme: Kari Britt Nilsen
    Med: Marianne Kappfjell

    Les meir om «Staaloe – at bekjempe en kjempe (Åarjelhsaemien Teatere AS)»
  • Engelen frå Kobane

    Gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater/Hordaland Teater 14. juni kl. 19.00
    15. juni kl. 13.00 (ekstra!) + 16.00
    Scene 3

    Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ei myte. Men alt som skjer i historia, har skjedd, og skjer framleis – i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana blir stilt
    overfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. Ein krig som har skapt vår tids største humanitære tragedie, og der halve befolkninga er driven på flukt.

    «Engelen frå Kobane» er skriven av den britiske dramatikaren Henry Naylor, og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen.

    Av: Henry Naylor
    Regi: Miriam Prestøy Lie
    Med: Madalena Sousa Helly-Hansen

    Samproduksjon mellom Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater.

    Les meir om «Engelen frå Kobane (Sogn og Fjordane Teater / Hordaland Teater)»
  • Heddaprisen 2019

    Sidan 1998 har Heddaprisen blitt delt ut åreleg for særskilde prestasjonar innan norsk scenekunst. Sikre deg billett, og bli med på feiringa 16. juni på Det Norske Teatret!

    Les meir om «Heddaprisen 2019»