Kritikarane jubla da Haugtussa hadde premiere på Scene 3 for sju år sidan. No har Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig laga ein versjon for lytting.

Lyttepremiere fredag 1. mai kl. 20.00
Lytt når det måtte passe, kvar helst du vil – medan vi ventar!
Søk opp Haugtussa i din podkastspelar eller lytt her inne.

Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Miljeteig. Saman har dei laga eit eksplosivt og suggererande musikalsk forteljarteater.

Med: Ane Dahl Torp • Musikk og lyddesign: Sjur Miljeteig

Heller vil eg med augo sjå
enn blind og dauv gjennom verda gå
og ikkje det sanne skilja

Fengslande eventyr for vaksne

Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser.

Finn ut meir