Hamlet

Er vi alle Hamlet?

Kva er skodespel, og kva er sant? Kven er Hamlet? Er vi alle Hamlet? Når den danske prinsen ikkje får lov til å sørgje over sin døde far, rasar alt rundt han.

Kvifor er vi i generasjon etter generasjon så fascinerte av dette skodespelet? Kanskje fordi Hamlet femnar så mange grunnleggande og eksistensielle tema? Det handlar om politikk, om makt og moral, teori og praksis. Her er kjærleiksdrama, generasjonsmotsetjingar, svik og solidaritet.

Noko er ròte i det danske riket

Historia er ei av verdas mest kjende. Danmarks kronprins, Hamlet, kjem heim frå studiar til den svartaste menneskelege bakevje ved hoffet i Helsingør. Far hans er død, drepen av sin eigen bror. Han har gifta seg med enka etter broren, mor til Hamlet, og har røva til seg trona. Kva hjelper innsikt og kunnskap i ei slik verd? Menneska er ikkje ekte, dei speler, livet og røyndomen er falsk. Samstundes hevdar Hamlet at det er i kunsten sanninga, det ekte og autentiske ligg. Han set si lit til at skodespelarane vil avsløre sviket: «Eg har høyrt at skuldige, som ser eit skodespel, kan bli så oppskaka i sjel og sinn av handlinga i ei scene, at dei brått står fram og vedgår alle sine brotsverk».

Maskespel

Verdas mest kjende teaterstykke blir spelt ut på ei teaterscene på Scene 2 skapt av den tyske scenografen Hendrik Scheel. Hamlets indre erkjenningsreise går føre seg til dundrande lagnadsdisko signert popartisten Lucy Swann, og både levande og døde dansar i lyset frå diskokula. Og alle ber dei den same maska; andletet til Hamlet – eller skodespelar Marie Blokhus. Rollene blandar seg, som i eit mareritt. Er alt saman berre falskheit og rollespel, berre teater? Felles for alle karakterane i Hamlet er at dei blir slitne mellom rolla dei har fått tildelt og korleis dei forstår henne. Dei er framandgjorde i sine eigne liv og tek på seg ulike masker for å skjule det. Ingen er ekte, dei speler, livet og røyndomen er falsk. Eller er det berre Hamlet som er galen? Kanskje teatret kan avsløre sanninga…

Alder:
Vi tilrår framsyninga frå 15 år.