Fulle folk

Fulle folk er seg sjølv. Litt meir enn vanleg.

Under ei real fyllekule prøver eit knippe personar å komme nærare kvarandre, og å løyse livets store gåter.

Gjennom ei hendingsrik natt i ein europeisk storby møter vi forskjellige karakterar som alle har det til felles at dei har hamna på fylla. Dei er kort og godt stup fulle. Dette opnar sjølvsagt for ein god del komikk, men Fulle folk handlar ikkje om fylla. Folk som er fulle har jo ein tendens til å snakke utan filter. Ved å folke eit heilt stykke med berre fulle karakterar, kan ein gå rett til dei aller største spørsmåla i livet, utan å frykte det banale eller det pretensiøse.

Fylla har skylda

At karakterane er fulle gjer at dei har kjenslene meir utanpå kroppen. Dei tenkjer større, meir eksistensielle tankar, filosoferer. Dei manglar sjølvsensur. Dei tør å seie ting dei ikkje elles ville gjort, det dei verkeleg meiner. Dei innrømmer at dei saknar noko «sant» i liva sine. Dei saknar kjærleik og nærleik. Dei bryt sosiale konvensjonar, tabuar og snakkar om det viktigaste av alt: Meininga med livet. Dette fører nokre av dei nærare kvarandre denne natta. Andre tilstår utruskap. Ein annan viser seg som eit realt rasshøl. Nokre gifter seg der og da. Er alt løgn, eller talar Gud til oss gjennom fulle folk?

Ivan Vyrypaev

Ivan Vyrypaev er ein av dei mest kjende dramatikarane innan russisk samtidslitteratur. Han er òg kunstnarleg leiar av det eksperimentelle teatret Teatr Praktika i Moskva. Som dramatikar skil han seg frå den russiske tradisjonen ved at handlinga i stykka hans ofte går føre seg i urbane strøk, har ein dokumentarisk stil, og handlar om moderne menneske og gjerne filosofiske spørsmål. Han blir mykje spela i utlandet, særleg i Tyskland.