Er det mogleg å knekke Fosse-koden? Kor vanskeleg kan det eigentleg vere å bli verdskjend dramatikar?

Hent ut billettar her: https://www.detnorsketeatret.n...

Dette har vi bedt Det Andre Teatret utforske i deira improviserte hylling til Jon Fosse kor dei finn på eit Fosse-stykke i farta. Heilt utan manus forsøker dei å lage eit stykke jubilanten sjølv kunne ha skrive - dersom han ikkje hadde viskelær til å rette opp feil og misforståingar, vel å merke.

Det Andre Teatret har i løpet av de siste årene blitt eit av verdas leiande teater med fokus på improvisert teater, og speler alt frå improviserte musikalar til improvisert Ibsen. Vi gler oss til å sjå dei ta fatt på Jon Fosse sine meisterverk!

Fosse på femti minutt er ein del av Den internasjonale Fossefestivalen som finn stad på Det Norske Teatret i september. Vil du få det med deg? Vi gir vekk 300 billettar som kan hentast ut via nettsidene våre. Billettene er gratis, og det er førstemann til mølla.

(Vi har 100 ekstra billettar som vi gir vekk i døra - berre møt opp! Men, vil du dere sikker på plass så hentar du ut billett allereie no.)

(Max 2 billettar pr. person)

Dørene opnar kl. 21, og baren vår er sjølvsagt open.

Tid: 12. September kl. 22

Stad: Midtgolvet, Det Norske Teatret

Dersom du vil kome i god Fosse-stemning kan vi anbefale å sjå gjestespelet Draum om Hausten frå Russland som speler same kvelden på Hovudscenen kl. 19.30.