Kva får ein av Europas leiande regissørar til å kjenne slektskap med Jon Fosse? Kan ein snakke om ein Fosse-kode? Korleis kunne Jon Fosse bli eit stjerneskot på den europeiske teaterhimmelen på så kort tid? Kva for kvalitetar er det som gjer Fosse til eit verdsnamn og som stadig lokkar nye instruktørar? Markerer Jon Fosses tekstar eit sluttpunkt for det klassiske dramatiske teateret, eller er han ei ny byrjing? Kva er det Fosse gjer i teksten Trilogien og korleis plasserer teksten seg i Fosses litteratur?

Få med deg debattar, intervju og spennande samtalar med Jon Fosse som tema i Bikuben på Det Norske Teatret. Gratis og ope for alle.

Den internasjonale Fossefestivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget i samarbeid med Colombine teaterförlag.

Framsyningar

  • Tendensar i ny dramatikk Kva eller kven kjem til å kome?

    Fredag 13.09 kl. 13:30–15:30
    Bikuben, Det Norske Teatret
    Samtalen er på engelsk

    English information below the Norwegian text

    Kl. 13.30-14.10:
    Dr. Thomas Oberender, kunstnarleg leiar for Berliner Festspiele, vil i sitt hovudinnlegg forsøke å trekkje linjer og peike på tendensar i den nye dramatikken. Jon Fosse representerte i si tid noko heilt nytt i teateret. Thomas Oberender var dramaturg for tidlege og viktige Fosse-oppsetjingar i Tyskland og redaktør for utgjevinga Jon Fosse: Ich will kalt und klar sein som kom i 2001. Frå sitt sentrale utkikkspunkt i Europas midte har Oberender ikkje berre følgd utviklinga i teateret, men vore del av den. Han har vore ein sterk bidragsytar til koplinga mellom kunst, politikk, film, musikk og litteratur og har utvikla konsept som har sett avtrykk i tysk samtidsteater. Oberender er ein klar stemme i det europeiske teaterfeltet og har gjennom artiklar, essay og publikasjonar artikulert eit ønske om å utvide, forske i og fange samtidas røyst.

    Seine Stücke werden nicht alt, seier han om Fosse. I sitt innlegg vil han ikkje sjå bakover, men peike på kva det er som kjenneteiknar notidas dramatikk.

    Frå kl. 14.15:
    Eit panel av sentrale europeiske forfattarar, regissørar og dramaturgar vil drøfte kva som kjem etter Jon Fosse i dramatikken. Markerer Jon Fosses tekstar eit sluttpunkt for det klassiske dramatiske teateret, eller er han ei ny byrjing? Er karakterar, handling og dialog fortidas tankemåte i teateret, eller er det slik at desse verkemidla finn seg sjølv igjen og står fram på nye måtar? Greier vi i det heile tatt å tenkje oss teater utan desse kategoriane?

    Gratis og open for alle.

    Dramaturg Carl Morten Amundsen leier samtalen som vil gå føre seg på engelsk.

    Med: Dramaturg, forfattar og kunstnarleg leiar av Berliner Festspiele Thomas Oberender, dramatikar og regissør Christian Lollike og regissør Laurent Chétouane.

    ---

    Trends in new drama - What or who is likely to come?
    Friday 13.09 at 13:30 – 15:30
    English


    From 13.30-14.10:
    Dr. Thomas Oberender, Creative Director of the Berlin Festival, in his keynote address will attempt to draw lines and point to trends in the new drama. In his time, Jon Fosse represented something completely new in the theatre. Thomas Oberender was the dramaturg for early and important Fosse theatre performances in Germany, and editor of the book Jon Fosse: Ich will kalt und klar sein that came out in 2001. From his key position in the heart of Europe, Oberender has not only followed the development of the theatre, but has been a part of it. He has been a strong contributor to the coupling between art, politics, film, music and literature, and has developed a concept that has set its mark on German contemporary theatre. Oberender is a clear voice in the field of European theatre, and through articles, essays and publications, has articulated a desire to expand, study and capture the voice of today.

    Seine Stücke werden nicht alt, he says about Fosse. In his keynote he will develop an unusual mindmap for the wide and diverse landscape of contemporary theater.

    From 14.15: A panel of central European authors, directors and dramaturgists will discuss the type of drama that is likely to come after Jon Fosse. Do Jon Fosse's texts mark an end to the classic dramatic theatre, or is it a new beginning? Are characters, script, and dialogue a paradigm of the past in the theatre, or is it the case that they will once again find their place and reappear in new ways? Can we imagine at all a theatre without these elements?

    Free and open for everybody.

    Dramaturgist Carl Morten Amundsen leads the conversation that will be presented in English. With: dramaturgist, author and creative director of the Berliner Festspiele Thomas Oberender, playwright and director Christian Lollike and director Laurent Chétouane whose most recent performance was Natta syng sine songar at the Nationaltheatret in the spring of 2019.

  • Trilogien – ei eiga litterær form

    Laurdag 14.09 kl. 14:30–15:30.
    Bikuben, Det Norske Teatret

    English information below the Norwegian text

    Trilogien er alt blitt eit ruvande verk i vår heimlege litteraturhistorie og Fosse blei i 2015 tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanen som er sett saman av tre delar. Forfattaren har meisla ut ei eiga litterær form, heitte det i grunngivinga då Fosse fekk prisen. Kritikarane hylla også dei tre utgjevingane som kom over sju år: Andvake i 2007, Olavs draumar i 2012 og Kveldsvævd i 2014. Det er som trådane i historia strekkjer seg ut og vever saman den nesten mytiske fortida med forteljingar som gir gjenklang i vår tid. Fortid og notid snakkar med kvarandre, repetisjonane er lette å få auge på. Ei krimgåte, ein slektsroman, men òg eit kjærleikstraume. Ei forteljing som går gjennom generasjonar, der vala ein generasjon tar repeterer seg i den neste. Gjennom Fosses presise og manande språk blir ein krevjande forteljarform likevel tilgjengeleg for den moderne lesaren. Kva er den særeigne forma? Kva er det Fosse gjer i denne teksten og korleis plasserer teksten seg i Fosses litteratur? Jon Fosses redaktør Cecilie Seiness vil saman med NRKs litteraturmeldar Knut Hoem, teatersjef ved Hordaland Teater Solrun Toft Iversen og litteraturmeldar i Klassekampen Tom Egil Herven diskutere dei dramatiske kvalitetane i verket.

    Gratis og open for alle.

    Cecilie Seiness leiar samtalen.

    Med: Knut Hoem, Solrun Toft Iversen og Tom Egil Hverven.

    ---

    The trilogy – a unique literary form
    Saturday 14.09 at 14:30 – 15:30
    Norwegian

    The trilogy has already become a towering work in our domestic literary history and, in 2015, Fosse was awarded the Nordic Councils Literature Prize for the novel which is made up of three parts. The writer has chiselled out his own literary style, it was stated in the reasons for giving the award to Fosse. Critics also praised the three parts of the trilogy that came out over seven years: Andvake in 2007, Olavs Draumar in 2012 and Kveldsvævd in 2014. It is as if the threads in the story are stretched out and weave together the almost mythical past with narratives that resonate in our time. The past and today talk to each other, the repetitions are easy to see. A crime riddle, a saga novel, but also a love trauma. A story that passes through generations, where the choices one generation makes are repeated in the next. Through Fosse’s precise and evocative language, a demanding narrative style is nonetheless accessible for the modern reader. What is the distinctive style? What is it that Fosse does in this text and how is the text placed in Fosses literature? Jon Fosse’s editor Cecilie Seiness together with NRK's literary critic Knut Hoem, theatre manager at Hordaland Teater Solrun Toft Iversen and literary critic of Klassekampen Tom Egil Herven will discuss the dramatic qualities of the work.

    Free and open for everybody.

    Cecilie Seiness leads the conversation.

    With: Knut Hoem, Solrun Toft Iversen and Tom Egil Hverven.