Fargespill – KORK

Sprudlande musikalitet møter det ypperste i profesjonalitet og skapar noko ingen av dei kunne klart åleine.

Fargespill og KORK gjorde braksuksess med framsyninga si under Festspillene i Bergen 2016, og framsyninga blei seinare vist på NRKs «Hovedscenen». No tek dei turen over fjellet for å vise Oslo-folket «what all the fuzz is about». 14. mai kan du oppleve dei live på Det Norske Teatrets hovudscene!

Fargespill er eit kompani frå Bergen som består av barn og ungdom fra heile verda. På scenen møter vi rundt 100 aktørar frå om lag 35 ulike land, inkludert Noreg. Dei fleste aktørane er komne til Noreg som flyktingar og asylsøkarar. Det er desse unge, lovande som er grunnstamma i Fargespill.

Framsyningane er bygd opp av songar, regler og dans som dei har tatt med seg frå sine respektive land og kulturar på ferda til Noreg. Med respekt og hjarte blir desse musikalske perlene slått saman med norske musikktradisjonar og global ungdomskultur som hip hop og beatboxing. Resultatet er eit nært, musikalsk møte med unge menneskes historie om kven dei er og kor dei kjem ifrå, formidla gjennom musikk og dans. Opplevinga blir båre fram av eit stort profesjonelt apparat av komponistar, musikarar, koreografar, instruktørar, lyd- og lysdesignarar og scenografar.

Framsyninga passar for vaksne og barn frå 4 år.

MEDVERKANDE

KRINGKASTINGSORKESTERET (KORK)
INGAR BERGBY dirigent

HÅKON BERGE musikalsk arrangement

FARGESPILL – 100 barn og ungdom frå heile verda

OLE HAMRE kunstnarleg leiar, perkusjon
SISSEL SAUE kunatnarleg leiar, korist
ELIZABETH GUINO-O koreografi
YNGVE ÅDLAND gitar
HARALD DAHLSTRØM tangentar
JASER SAYUN perkusjon, beatbox
MIRA THIRUCHELVAM tamilsk fløyte, jathees
HANNA THIESEN fiolin
ANDRÉS MAURETTE O’BRIEN bratsj
KÅRE IVAR SKJØRESTAD lysdesignar
JAN HENRIK VINDENES lyddesignar
BRITT KOLDAL scenograf, inspisient
KJERSTI BERGE produsent
FRØYDIS MOBERG co-produsent
SIGURD ROTVIK TUNESTVEIT musikalsk konsulent
ANNA EGHOLM PEDERSEN musikalsk konsulent
STIG MARKUSSEN danseinstruktør/koreograf
IRENE KINUNDA kunstnarleg- og administrativ konsulent

Med i mangfaldet er også to unge klassiske solistar frå Barratt Due; Hanna Thiesen og Andrés Maurette O’Brien. O’Brien spelar på instrument utlånt av Dextra Musica.