Elva som deler byen

Gjennom kjende og mindre kjende tekstar av Oskar Braaten presenterer Elva som deler byen eit knippe sterke skildringar frå Oslos arbeiderklassestrok for hundre år sidan. Kan Braatens tekstar seie oss noko om kor vi er på veg i dag?

Oskar Braaten (1881 – 1939) via sin forfatterskap hovudsakeleg til å beskrive miljøet i og rundt Akerselva. Denne åtte kilometer korte elvestubben skapte storbyen og dreiv fram industrialisering og modernisering av Noreg. Det var elva som lokka tenestefolk frå bygdene til byen, gav dei nye vilkår og ein ny start. Dei fekk tene eigne pengar. Ikkje mykje pengar, men det var deira eigne.

Oskar Braaten – arbeidaranes diktar

Oskar Braatens litteratur er ærleg og hjartevarm. Han forstår seg på arbeidsfolka, og ikkje minst kvinnene. Det var fattigdom, tuberkulose, barn utanfor ekteskap. Eit hardt miljø med kriminalitet, prostitusjon, alkohol og tragiske lagnader. Kyniske arbeidsgivarar som utnytta arbeidarane. For folket handla det først og fremst om å overleve ein dag til. Men midt i armoden finn ein også samhald, styrke og solidaritet. Kjærleik. Og glimt av nestekjærleik.

For dei fleste av oss er denne typen livsvilkår framand, noko vi kanskje går forbi på gata, men ikkje sjølv kjenner på kroppen. Kan Braatens tekstar gjere at vi ser dei som slit i dag betre? Kan bodskapen om å strekke ut ei hand virke enno sterkare, no som dei fleste av oss har høve til nett det? Eller er vi mest opptekne av oss sjølve?

 

01. desember kl. 20.00: Introduksjon til Elva som deler byen

ved Leif Gjerland

Skiljet mellom Austkanten og Vestkanten i Oslo kjenner vi godt til, men kvar og kvifor oppstod det? Det skjedde nemleg før industrien kom på 1800-talet… Leif Gjerland driv med historieformidling om Oslo. I tillegg til å holde byvandring og foredrag, har han kvar veke spalta «Oslo før» i Aftenposten. Han har skrive fleire bøker om Oslo, og den åttande kjem no i haust. Den heiter Oslos elleve byer og tek for seg Oslos byutvikling. Bli med på ein underholdande og spennande introduksjon på Scene 3, før framsyninga Elva som deler byen!