I einsemda på bomullsmarkene

Diplomoppgåve i regi og scenografi om utanforskap og maktkamp.

Det er noko mystisk ved denne sceneteksten av den franske teaterlegenda Bernard-Marie Koltès. Med brutalitet, men også poesi, skildrar han den skjøre balansegangen mellom det menneskelege og det dyriske, mellom natur og kultur, mellom kjøpar og seljar.

Makta ligg i språket

To menn, ein kjøpar og ein seljar, møter kvarandre på ein stad, i ei tid, der ein ikkje kan ta noko som helst for gitt. Kven dei to er, er eit underordna spørsmål, det viktige er sjølve møtet, situasjonen som utviklar seg mellom dei to ukjende. Teksten er ein dialog mellom to menneske som prøver å nærme seg kvarandre, men utan at nokon må underordne seg den andre. Så lenge dei snakkar, er språket våpenet deira. Ein ønskjer berre at samtalen skal halde fram, så ikkje andre og meir dødelege våpen skal erstatte orda.

Oppsettinga er diplomoppgåva til registudent Tormod Carlsen og scenografistudenten Heidi Dalene. Han er knytt til regilina ved Kunsthøgskolen i Oslo og ho til Akademi for Scenekunst ved Høgskolen i Østfold.

Blir-kvelt-med-plastikkpose-i-einsemda-pa-bomullsmarkene