Ein raud sommarfugls vengjer

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-

Ein raud sommarfugls vengjer er ikkje ei forteljing, men mange forteljingar.

Det handlar om ein ung gut som er blitt forlaten av faren. Om ei kvinne som har forlate ektemannen, men som angrar på valet ho tok. Det handlar om eit eldre ektepar som snakkar om livet dei har levd og kva dei har framføre seg. Om ei jente som vil bli sett, samstundes som ho vil leve hemmeleg. Om tre menneske som snakkar om meininga politikken har for det einskilde menneske og fellesskapen. Men mest av alt handlar det om kvifor vi er her. Kva er kjærleiken, og viss ikkje vi har kjærleiken, kva handlar livet om da? 

Trine Wiggen har regien på Ein raud sommarfugls vengjer som er stykke henta frå ein serie Jon Fosse har kalla Kortare stykke, publisert i Teaterstykke VOL 5. Nokre har vore framførte tidlegare, andre har aldri vore spela Framsyninga har fått tittelen etter stykket som handlar om politikk, eit atypisk stykke for Jon Fosse.
– Eg synest det er noko fritt i denne teksten som gjer at eg les dei andre stykka annleis. Det er ikkje nokon indre samanheng og dei femner vidt tematisk. Det er ikkje ei historie der det eine følgjer naturleg av det andre, seier Trine Wiggen.- Vi må forsøke å forløyse den musikalske samanhengen mellom stykka og skape ei samanhengande scenisk forteljing. Eg ser lyst på oppgåva. 

Trine Wiggen sette opp Fosses Draum om hausten på Hovudscenen på Det Norske Teatret hausten 2016. Ho spelte tittelrolla i Fedra i Jon Fosses gjendikting i svenske Riks Dramas versjon frå 2006. Ho har dramatisert og sett opp romanen Stengd gitar under tittelen Liv, som også blei produsert i Radioteatret, NRK og DR, Danmarks Radio. I 1995 spela ho den kvinnelege hovudrolla i uroppføringa av Namnet på Den Nationale Scene i Bergen.