Draum om våren

etter ein idé av Trine Falch og Ingvild Holm

Teikneteater om nordmenn som dreg til Kina for å legge seg flate.

Dei kinesiske styresmaktene er irriterte på Noreg, landet som gav Nobels fredspris til ein mann dei meiner sprer løgner. For å straffe Noreg har kinesarane slutta å kjøpe laks, den største eksportvara vår etter olja.

Fosse på smørjetur

Draum om våren handlar om eit desperat forsøk på å reparere det dårlege forholdet mellom Noreg og Kina. Representantar for norsk nærings- og kulturliv, inklusive Jon Fosse, drar på ei hemmeleg togreise til Kina, der ei oppsetting av Draum om hausten skal blidgjere kinesarane. I frykt for at kinesarane ikkje vil like stykket, ber representantane om at Fosse endrar litt på det. Han nektar, og blir stengd inne i frysevogna, saman med laksen, for å «tenke seg om’…

Falch og Holm

Ingvild Holm og Trine Falch fekk ideen til stykket da Dagens Næringsliv avslørte at regjeringa Stoltenberg hadde utarbeida eit såkalla «non-paper» til dei kinesiske styresmaktene, der dei langt på veg unnskyldte tildelinga av Nobels fredspris til Liu Xiabo. Falch og holm er scenekunstnarar med felles bakgrunn frå det internasjonalt anerkjende kunstnarkollektivet Baktruppen, som var med på å revitalisere teatret rundt årtusenskiftet.

Teikneteater

Framsyninga er også ei ganske unik oppleving av det vi har kalla «teikne-teater». 500 teikningar av Kristoffer Kjølberg visualiserer handlinga, og skodespelarane står ved sida av og gir stemmer til teikningane. Martin Langlie (fra Gåte og Valkyrien Allstars) står for lydarbeidet. Regissørane Trine Falch og Ingvild Holm har begge bakgrunn frå den anerkjente performance-gruppa Baktruppen, og ønskjer med denne leikne framsyninga å sette fokus på korleis kulturen som «eksportvare» blir brukt instrumentelt i politikkens teneste.

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Ingvild Holm/Trine Falch.
Støtta av: Norsk Kulturråd, Dramatikkens hus og Fond For Lyd og Bilde.