Draum om hausten

Eit måleri over livet.

Vakkert, sårt og tidlaust om kjærleik og familieband som ryk.

I Draum om hausten teiknar ein av vår tids største dramatikarar heilt vanlege livsløp og nokre heilt daglegdagse møte mellom menneske. Menneske som står kvarandre nær, eller ein gong har gjort det. I Fosses karakteristiske og poetiske språk, blir denne historia løfta til ei tidlaus forteljing om korleis kjærleiken utviklar seg.

 

Skjebnemøte

Ein mann og ei kvinne møtest tilsynelatande tilfeldig på ein gravplass. Dei kjenner kvarandre frå før, og har alltid vore tiltrekt av kvarandre. Åra går nesten umerkeleg. Han forlet kone og barn, mistar kontakten med foreldra og sonen sin. Kanskje fordi han ville. Kanskje fordi det berre blei slik. Alt har skjedd, og ingenting har skjedd. Alt er ein leik, og alt er eit alvor.

Kanonisert

Draum om hausten er ifølgje Morgenbladets jury som kanoniserte stykket i 2013, eit nøkkelstykke i Fosses forfattarskap: «I disse spennene risser en dramatiker av verdensformat dypt menneskelige og tydelig utydelige skjebner som baler med stort og smått i en evig pulserende dynamikk». Fosses dramatikk, romanar og lyrikk er omsett til om lag førti språk. Han er oppført over store delar av verda, har vunne Den Internasjonale Ibsenprisen, Nordisk Råds litteraturpris og blir ofte nemnt som Nobelpriskandidat.

 

INNSIKT: 9. november kl. 19.00
INTRODUKSJON TIL DRAUM OM HAUSTEN

ved Sissel Gran

I Draum om hausten behandlar Jon Fosse familiære tema som forholdet mellom foreldre og barn, utruskap og lengt etter kjærleik. Psykolog og samlivsterapeut Sissel Gran snakkar om kvifor det så vanskeleg å leve saman. Kan det å bryte laus vere ei motgift mot døden? Introduksjonen går føre seg i Bikuben før framsyninga.