«scenekunst av ypperste klasse (...) 
selve midtpunktet er Lasse Kolsruds enestående tolkning av Lauritz Moe»

Duoen Hermansen og Moe skal halde ein av sine mange avskilskonsertar. Denne kvelden tar det heile ei ny og uventa retning.

Lauritz Moe skal introdusere den gamle Harry Belafonte-slageren «Come back, Liza». Men i dag er han ikkje berre forlaten av kjærasten, han har nettopp fått vite at liket av faren er identifisert i Aust-Afrika. Det er vanskeleg å samle seg om det han skal seie, og digresjonane pressar seg fram. Medan tankane flyg, tar han oss med på ei reise til eit landskap der myte og verkelegheit flyt saman. Kjernetemaet er ein manns sakn etter ein far.

Å vere sjømann er å vere menneske, berre litt tydelegare

Lasse Kolsrud spelar den pensjonerte sjømannen og trubaduren Lauritz Moe.
Lasse Kolsrud spelar den pensjonerte sjømannen og trubaduren Lauritz Moe.
Musikar Espen Leite er hans musikalske sidekick; Hermansen.
Musikar Espen Leite er hans musikalske sidekick; Hermansen.
Skodespelar Lasse Kolsrud har sjølv bakgrunn frå ei tid på sjøen, og hadde ein far som var på sjøen heile livet. Foto: Dag Jenssen.
Skodespelar Lasse Kolsrud har sjølv bakgrunn frå ei tid på sjøen, og hadde ein far som var på sjøen heile livet. Foto: Dag Jenssen.

Ein generasjon av sjømenn

I midten av 1970-åra hadde også nesten ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei. Hans erfaringar med hundevakt, rustpikking, billeg brennevin til jul, og ikkje minst forholdet til faren som var sjømann heile sitt liv, er eitt av utgangspunkta for forteljinga om den tidlegare sjømannen Lauritz Moe. Framsyninga blei til i samarbeid med Terje Nordby og hadde premiere i 1997. Når dei no tek framsyninga opp igjen vil dei finne ut korleis Lauritz Moe har det i dag, 20 år etter.

På scenen har Kolsrud med seg Espen Leite på trekkspel, og historiene frå Lauritz Moes liv blir ledsaga av ei rekke gamle slagarar frå ulike sjangrar.

Publikum sit rundt cafébord under framsyninga, og det er berre plass til 30 sjeler i salen.

Finn ut meir