Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Varigheit : 2 TIME 30 MIN
  • Pris frå: 275 ,-
  • Premiere: Premiere 9. november 2019

VERDAS MEST SMAKFULLE MUSIKAL KJEM HAUSTEN 2019!

Bli med inn i sjokoladefabrikken som gir deg vatn i munnen og fritt spelerom for fantasien! Her er ingenting for godt til å vere sant, sjølv om alt ikkje er så søtt som det ser ut.

Charlie Bucket bur saman med foreldra og besteforeldra i eit falleferdig hus. Han er lei av kålsuppe og drøymer om å komme inn i den enorme sjokoladefabrikken til Willy Wonka, den fenomenalaste sjokoladefabrikanten i verda! Men ingen har sett Wonka på mange år, og ingen får komme inn i fabrikken. Alt ein ser er mystiske skuggar i vindauga, og uendelege mengder sjokolade som blir køyrt ut gjennom jernportane.

JAKTA PÅ GULLBILLETTANE

Men ein dag kjem nyheita: Willy Wonka har gøymt fem gullbillettar i fem sjokoladeplater. Dei fem heldige vinnarane får bli med inn i fabrikken. Jakta på gullbillettane er i gang. Ein etter ein blir vinnarane annonserte. Dei er glupske, bortskjemde, obsternasige og betrevitande barn av verste sort! Det er berre ein gullbillett igjen. Vil Charlie få oppfylt sitt største ønske? Vil han få oppleve magien i Wonka sitt fantastiske godteriunivers?

ROALD DAHLS UNIVERS

Roald Dahl har skrive nokre av dei mest lesne og elska bøkene for barn som Heksene, SVK, Danny og den store fasanjakten og Matilda. Felles for bøkene er ei magisk-realistisk verd der hovudpersonen blir transportert frå den grå kvardagen til det spektakulære. Hovudpersonen og helten er barn, og dei vaksne er ofte både dumme og slemme. Men også barn kan vere ufordragelege i Dahl sitt univers, som til dømes i Charlie og sjokoladefabrikken. Boka kom i 1964 og er selt i meir enn 13 millionar eksemplar og utgitt på over 30 språk. Mange hugsar også dei to filmatiseringane, med Gene Wilder og Johnny Depp i rolla som den eksentriske sjokoladefabrikanten.

MUSIKAL

Musikalen basert på Roald Dahls historie hadde premiere i Londons West End i 2013, og opna i ein omarbeidd utgåve på Broadway i New York i 2017. Sceneteksten er skriven av David Greig: Musikken og songtekstane er ved Marc Shaiman og Scott Wittman som blant anna står bak musikalane Hairspray og Catch me if you can, og TV-serien Smash! No skal eit norsk publikum for første gong oppleve musikalversjonen på ein norsk scene.

EIT SUKKERSØTT UNIVERS

Charlie og sjokoladefabrikken er ei herleg dryg og mørk historie for både barn og vaksne, der dei slemme får som fortent og dei snille får oppfylt sine søtaste draumar. Møt Oompa-Loompaar, ein ekorn-hær, ein sjokoladeinnsjø og glasheis. Dette er ei hyllest til fantasien og skaparkrafta, for i fabrikken til Willy Wonka er det berre lov å spørje «korleis», ikkje «kvifor», og du må tru det for å sjå det.

FRÅ MORMONARAR TIL SJOKOLADE

Vidar Magnussen debuterte som regissør med suksessframsyninga The Book of Mormon, ein humoristisk harselas over syngande, velmeinande mormonarar. For denne framsyninga fekk han Heddaprisen for årets beste framsyning, og det blei den største publikumssuksessen i Det Norske Teatret si historie. No kjem Magnussen tilbake for å regissere Charlie og sjokoladefabrikken.

Framsyninga har premiere på Hovudscenen hausten 2019.
Passar for barn frå 6 år.