Bu Betre

Blir vi lykkelegare av ein vakker heim?

Bu betre ser nærare på kva eit interiørmagasin kan seie oss om sjølve livet.

BO BEDRE er Nordens største interiørmagasin og har i fleire tiår inspirert og realisert husdraumar over heile Skandinavia. Framsyninga Bu betre er laga ved å grave djupt i årgangane med boligmagasinet.  Temaet «å bu» engasjerer breitt, anten ein er veldig oppteken av interiør og oppussing eller ikkje. Alle bryr seg om korleis dei har det rundt seg!

På teateret MUNGO PARK i Danmark hadde framsyninga stor suksess og dette er ein versjon lagt til rette for norske forhold. Med ironisk snert og lun humor går dei laus på heimen vår og sjølve fenomenet å bu betre, og spør seg kvifor vi aldri gir opp håpet om ein gong å kunne bu endå betre.

 

Interiørhysteri

Heimen er slottet mitt, seier eit ordtak. Mykje tyder på at heimen din òg er sjela di. For å få sjelero investerer nordmenn årleg milliardar i oppussing, renovering og interiør. Det finst ikkje noko anna land i verda som har så høgt forbruk av interiørmagasin som vi i dette landet. Vi drøymer om hus. Vi drøymer om å slå ned veggar. Vi drøymer om det perfekte livet som møter oss på dei glansa magasinsidene og jagar etter å lage den perfekte heimen. Men blir vi rolegare? Kan vi nyte draumeverda vi stadig jagar etter å skape?