Brørne Løvehjarte

Eventyr, søskenkjærleik og mot er tema i Astrid Lindgrens klassikar på Hovudscenen.

Astrid Lindgrens Brørne Løvehjarte er ei av dei vakraste historiene vi har i skandinavisk barnelitteratur. Regissør Svein Sturla Hungnes har laga ei nydramatisering av forteljinga om Kavring (Emil Johnsen) og Jonatan Løvehjarte (Oddgeir Thune) – brørne som ikkje ein gong døden kan skilje. Med musikk, lys, video, klangar og metervis med flagrande silkestoff flyt draum og verkelegheit saman og opnar for publikums meddikting.

Draum og eventyr frå dei mørkare sidene av barnesinnet

Kavring og Jonathan er brør. Kavring er sjuk, og dei veit begge at han kjem til å døy. Om kveldane fortel Jonatan om eventyrlandet Nangijala. Det er dit Kavring skal dra når han døyr, og ein dag skal dei to møtast der. Men så byrjar det å brenne i huset dei bur i, og Jonathan hoppar frå vindauget med Kavring på ryggen. Jonatan døyr i fallet, og på det viset blir det han som først dreg til Nangijala. Med stort mot møter vesle Kavring lagnaden sin og følgjer storebroren til den andre sida. Der blir dei to brørne dregne inn i ei i spennande historie som ikkje berre går føre seg rundt leirbålet om kveldane, men som og utspelar seg i all si gru på dei mørkaste og skumlaste stadene ein kan tenke seg.

Gripande forteljing

– Barn les boka som ei spennande eventyrforteljing. Dei gret heller ikkje, slik dei vaksne gjer. Dei opplever at det handlar om barn som døyr. Men ungar les det ikkje slik. Dei synest at det er ei bok som sluttar veldig lykkeleg, sa Astrid Lindgren i eit radiointervju i 1974. Regissør Svein Sturla Hungnes lovar gripande augneblinkar, men for han er det viktigare å framheve dei poetiske sidene ved teksten og Lindgrens engasjement for barn. Han vil at barn skal få sjå at ein ikkje alltid er så modig, og det kan òg vere greitt. Du er ikkje åleine om å kjenne det slik.

Passar for vaksne og barn frå 7 år.