Brand

Korleis kan ein tolke Brand som idealist i eit sekularisert Noreg?

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har tidlegare samarbeida om produksjonar som Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn, framsyningar om tru som har skapt reine folkevandringar til teatersalane.

Det handlar framleis om gudstru, men denne gangen møter vi ei tru så sterk at ho blir til fanatisme. Trua på kjærleikens Gud krev så store offer at ho øydelegg livet. Presten Brand blei av Ibsen sjølv framheva som eit ideal. Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke, skreiv diktaren om karakteren. For Brand er sjølve motstykket til den kjernelause Peer Gynt, som Ibsen skapte på same tida. Peer kjenner ingen konsekvensar, han flyktar frå realitetane, lyg for seg sjølv og andre, mens Brand aldri går utanom. Han tek avstand frå alle kompromiss og all pragmatisme. Kravet er alt eller ingenting. For sanninga er enten eller.

Ver ikkje eitt i dag, i går,
og noko anna om eit år.
Ver fullt og heilt den mann du er
og ikkje delt i all di ferd.
Henrik Ibsen

Idealist eller fundamentalist?

Brand er ikkje eit moderne menneske, han er eit ektefødt barn av romantikken og idealismen. Så han er ikkje lett å kjenne igjen. I vår tid har vi gjerne lett for å avvise problemstillingane hans som umenneskelege. At dei ikkje handlar om oss, men nokon andre, fundamentalistar og slike. Men kanskje er ikkje Brand først og fremst ei skildring av menneskeliv. Kanskje er dette stykket nettopp eit idédrama, der fleire røyster kan høyrest. Ei slik røyst er den ufråvikelege Brand. Og denne røysta kan vi høyre i oss sjølv. For kravet om sanning kjenner vi jo. Vi vil jo gjerne vere prinsippfaste, konsekvente, stå for noko, ha ideal, gjerne vere viljuge til å ofre noko for det vi trur på. Kanskje livet, til og med.