«Det gjorde faktisk godt å bli provosert»

«sterkt og tankevekkjande formidla på enkelt, men effektivt vis»

Osama bin Laden stod bak det største terrorangrepet i moderne historie. Derfor er det kanskje ikkje så rart at Vestens historieforteljing om han har vore prega av einsidige skremmebilde. Namnet hans triggar kjensler av frykt og hat, og for mange i Vesten er han skurken - og våre folk heltane. Men stemmer dette bildet? Kvifor hatar ikkje heile verda Osama bin Laden?

Etterverknadene av angrepet på World Trade Center 11. september 2001 var enorme.
Det førte til to store krigar, ei rekkje nye terrorhandlingar i Vesten, i Afrika og i Midtausten, og starta ein massiv flyktningestraum til Europa. Det har forma sikkerhetspolitikken vår, verdsbildet vårt og ikkje minst vår kjensle av tryggleik. Frå dei grusame terrorhandlingane vi har sett, lest om, og kanskje sjølv vore direkte roka av – til dei mindre tinga, som vi i dag tek for gitte. Som pinsetten og shampoflaska i handbagasjen.

For mange av oss i Vesten var terrorangrepet i 2001 svært overraskande. Men sett i ettertid er det lettare å sjå at det var eit resultat av mange tiårs verdshistorie og verdspolitikk.
I Bin Laden: The One Man Show
fortel Osama bin Laden sin versjon av historia, og den er kanskje ikkje heilt slik du hadde forventa den!

«Eg er ideen Osama. Reis deg. Eg utfordrar deg!»

Tankevekkjande teater

Bin Laden: The One Man Show har gått sin sigersgong i Storbritannia og USA, og har blitt spelt for alt frå tidlegare rådgjevarar til presidenten i USA til folk som kjente bin Laden personleg. Ikkje minst har framsyninga skapt samtalar og heftig debatt. Kanskje har ho også bygd nokre bruer. Alt vi veit er at du ikkje kjem ut frå denne framsyninga med det same verkelegheitsbildet som du kom inn med. Derfor inviterer vi også til ein samtale med skodespelaren etter kvar framsyning.

Du kan trenge ein debrief.

MED Thomas Bye

Gjestespel frå Haugesund Teater og ARtisan Teater.
Framsyninga er produsert av Haugesund teater i samarbeid med Artisan Teater.
Vi gjer merksame på at det er ein våpenkopi på scenen.

Finn ut meir