Bikubekveld kan vere konsert, gjestespel, kunsthappening, dans, cabaret - og mykje anna.

Framsyningar

Gylne tider  - ei tidsreise i norsk musikk

Tid: 24. mars kl. 22:30
Stad: Bikuben

Velkommen til ein festkveld der vi hyllar norsk musikk! Artistane gjer eit leikent djupdykk i norsk musikk- og kulturarv frå ulike tidsepokar - frå 60-talet og fram til i dag.
Eit stjernelag av artistar og musikarar børstar støv av vår eiga kulturarv - og gler seg til å ta publikum med på denne reisa blant kjente slagarar og skjulte skattar frå eit rikt og mangfaldig musikalsk univers. 

MED

Tiril Heide Steen
Ina Svenningdal
Amund Sigurdssønn Karlsen
Joakim Ousdal
Ingrid Jørgensen Dragland
Niklas Gundersen
Petter Kragstad
Ole-Kristian Wetten
Sindre Kjosås
Mats Grønner

Kjøp billett

Mimmi om Semper Eadem

Velkommen til eit eksklusivt møte med Mimmi Tamba, kvinna bak den personlege framsyninga Semper Eadem. Framsyninga har hausta strålande kritikkar og fått terningkast 6 i både Aftenposten og Dagsavisen. Denne kvelden vil Mimmi dele tankar rundt prosessen og utviklinga av Semper Eadem, både som musikk og teater-framsyning. Her blir det musikalske godbitar frå Semper Eadem, i versjonar du ikkje har høyrt før! Og kven veit - kanskje litt meir...

Kjøp billett

Berre Barbra

Tid: 21. april kl. 23:00
Stad: Bikuben

Etter 80 år på trona er det på tide å hylle ein av dei mest legendariske songarane og skodespelarar i verda. Stemma hennar får sjølv den tøffaste av oss ned i kneståande, og formidlingsevna hennar trollbind dei største folkemengdene.

Vi snakkar sjølvsagt om Barbra Streisand. Som superfans og sjølverklærte Streisand-ekspertar vil Sanne Kvitnes og Marius Grønsdal ta publikum med på ei reise gjennom Streisands lange karriere og repertoar. Og med ein god dose sunn galskap, ønskjer dei å formidle entusiasmen dei har for den inspirasjonskjelda dei har sett opp til sidan dei var små.

PIANIST Dan Lindén

Kjøp billett

Bingo BAR - Nineties

Tid: 05. mai kl. 23:00
Stad: Bikuben

Er du ein av dei som framleis slår knyttnevane saman sånn som Ross gjorde? Høyrer du på No doubt på nattbussen heim? Ser du på datadyr på e-bay, og bingar Spicegirls-dokumentaren for andre gong? Du er ikkje åleine.
Kveldens Bingo BAR blir eit glitterfarga 90-tals hol i kvardagen.
Vi skal syngje Whitney Houston, vi skal danse til E-type. Vi skal ta nineties-guilty-pleasure til eit nytt nivå, og DU kan få spele bingo i denne verda.
Det er berre å greie midskillen, og ta på sæggebuksa. ”Cuz this is how we party!”

Bingo BAR gir deg ein sosial og larmande oppleving utover det sedvanlege. Programmet består av klassisk Bingo i ei u-klassisk setting.

Vi stiller med tre bingoplater og avkryssingstusj per pers, i tillegg kan du kjøpe fleire bingoplater til 10,- per stykk.

Bingo BAR blir produsert av Marthe Sofie Løkeland Eide, Andrea Vik og Anna Ladegaard.

Kjøp billett