Bikubebarn

I haust blir det utforsking av Peer Gynt, miniteaterverkstad, julestemning og raffe rørsler når vi igjen inviterer til Bikubebarn på Det Norske Teatret.

Bikubebarn er eit tilbod til barn på laurdagar. Her får barna sjølv vere kreative og skapande i møte med teatermagien. På Det Norske Teatret skjer det utruleg mykje spanande både på og bak scenen. Vi har verkstad som skapar dei mest fantastiske kostyme, masker og scenografi. Frå scenen gir skodespelarar, dansarar og musikarar publikum opplevingar kvar kveld. Vi ønskjer å opne opp huset og la barn og unge ta del i denne magien. På programmet for Bikubebarn i vår er det både gjengangarar og nye konsept

  • EVENTYRET OM PEER GYNT

    I lag med nokre av Noregs beste utøvarar innan slampoesi, DJing og urbant teater, improviserer barna fram si heilt eigne skreddersydde teaterframsyning med utgangspunkt i den spennande historia om Peer Gynt.

    Her får barna jobbe leikent og kreativt med tekst og rørsle og komponere eigen musikk til framsyninga si.

    MED
    Taro Vestøl Cooper
    Dj: Gabriel Patås B Varskog. Rørsle/slam: Oda Aunan.

    Laurdag 6. oktober kl. 11.30.
    Kontakt billettluka for billettar.

  • MINITEATERVERKSTAD

    Velkommen til barnas eigen teaterverkstad!

    Med inspirasjon frå familieframsyninga Nila og den store reisa, inviterer vi teaterglade barn til ein kreativ og leiken dag.

    Barna får være med på å lage sitt eige kostyme, lære meir om teatersminke, bygge scenografi og lære ein koreografi/dans som til slutt blir framført på scenen så foreldrer og søsken kan komme for å sjå.
    Rett og slett ein drømmedag i teateret!

    MED
    Charlotte Korrell og Helene Winter

    Laurdag 3. november kl. 11.00
    Kontakt billettluka for billettar.

  • JUL I TEATERET

    Det finst så mange vakre julesongar, og enda vakrare juleforteljingar!
    Kva er vel betre enn å få lage sitt heilt eige juleeventyr?

    Her blir det nydeleg song, spennande teaterleik og dans. Og sjølvsagt blir det også høve til å klippe og lime i vår eigen juleverkstad!

    MED
    Joachim Ousdal og Elise Rougnø

    Laurdag 1. desember kl. 11.00
    Kontakt billettluka for billettar.