21.mars: Urban Art Attack for kids

Vi feirar den urbane kunsten, med barna i fokus!

I vår opnar Det Norske Teatret igjen Houvdscenen for urbane beats. Det blir eit kreativt møte med dei ulike elementa innan hiphop og urban kunst. Saman med nokre av dei aller beste frå street-kulturen får barna lære, bli inspirert og ha det gøy! Målet er å strekke seg, utvikle seg, prøve noko nytt, lære, dele og utfordre seg sjølv. Til slutt blir alt sett saman i ei uformell og spennande visning. Kom og bli inspirert!

Passar for barn mellom 8 og 15 år

Laurdag 21. mars kl. 11.30-15.00

Dagsplan:

Kl. 11.00-11.30: Dørene opnar, registrering
kl. 11.30-13.15: Workshop
kl. 13.30-14.00: Gjesteopptreden + battle
kl. 14.00-14.30: Visning frå kurs
kl. 1430-15.00: Jam og gøy

På Urban art attack for kids møter du mellom anna Amalie Sasha Schanke, Marcus Andreassen, Beatur, Fela, Camilla Tellefsen og Magnus Emaka Einang.

Magnus Emaka Einang er ein allsidig hip hop-dansar og medlem av Kingwings Crew. Han har mellom anna dansa i Romeo og Julie - Kingwings vs Nasjonalballetten og Thriller Live på West End i London. Magnus underviser både barn og vaksne ved dansestudioet Subsdans, og ønskjer at alle skal oppleve gleda av dans! Magnus er dommar på Urban art attack for kids.

Amalie Sasha Schanke har utdanninga si frå Circle - Det Norske Hiphop huset, og har over 7 års erfaring i feltet. Ho er ein allsidig dansar som blandar popping og krump med inspirasjon frå det animalske. Amalie er dommar på Urban art attack for kids.

Camilla Tellefsen er ein norsk dansekunstnar som har arbeidd mykje med streetdans, popping, hiphop og waacking. I tillegg til å koreografere eigne framsyningar, gjer ho eventar, tv og teater. Ho er aktiv innan battles i inn- og utland, og er medgrunnleggar av dansestudioet Subsdans, foreininga Soul Sessions Oslo og crewet dEEP down dopEiZM. Camilla er dommar på Urban art attack for kids.

Linn Cathrin Torp har drive aktivt med graffiti sidan 2012, og har vore knytt til hiphop-miljøet. Ho har mellom anna vore med og dekorert Stavern-festivalen og Roskildefestivalen, og dekorert russebussar saman med VKD. Ho held workshops for barn og unge. Linn Cathrin har workshop i graffiti på Urban art attack for kids.

Beatur er ein musikar og entertainer. Han er islandsk beatbox-vinnar, og har delteke i verdsmeisterskapet i beatbox-battle tre gongar. Beatur har delt scene med mellom anna Fatboy Slim, 50 Cent og Björk. Han har jobba med teater og danseframsyningar for Nationaltheatret, Den Norske Opera og Ballett og Spkrbox. Beatur har workshop og er DJ på Urban art attack for kids.

Marcus Andreassen aka Dark Marc er ein veteran i breakemiljøet. Han har vore med i VM, er fleire gongar noregsmeister, har gjort teater, musikalar og TV. Marcus har undervist i dans, vore internasjonal dommar, og han dansar frå hjartet! Marcus har workshop i breakdans på Urban art attack for kids.

Fela er eit godt kjent namn innan hip hop-miljøet. Han er snart aktuell med sitt tredje soloalbum, og ein ny runde med framsyninga Blokk til Blokk, saman med Boss Castro og Don Martin. Han har også reist rundt med Den kulturelle skolesekken som kurshaldar i slampoesi. Fela er vert på Urban art attack for kids.

9.mai: Miniteaterverkstad

Bli med inn i ei verd av teater!

Med inspirasjon frå familieframsyninga Charlie og sjokoladefabrikken, inviterer vi teaterglade barn til ein kreativ og leiken dag. Vi opnar teaterhuset, og gir barna ein prøve på ulike delar av teatermaskineriet, med kostyme, teatersminke, scenografi og dans. Til slutt blir det premiere på det barna har laga i løpet av dagen, med familie og søsken i salen.

Passar for barn mellom 7 og 12 år

Laurdag 9. mai kl. 11.00-14.45

Dagsplan:

Kl. 11.00-11.30: Dørene opnar, registrering
kl. 11.30-13.30: Workshop
kl. 13.30-13.50: Matpause (ta med matpakke)
kl. 13.50-14.20: Generalprøver på Scenen.
kl. 14.20-14.40: Premiere på Hovudscenen med publikum

Miniteaterverkstaden hentar denne gongen inspirasjon frå familieframsyninga Charlie og sjokoladefabrikken!