Bikubebarn

  • Scene : Det Norske Teatret (Unummerert)
  • Varigheit : På Målarsalen
  • Pris frå: 100 ,-

I vår blir det beatboxing, afrikanske rytmar, teaterverkstad, kreativ collagekunst og raffe rørsler når vi igjen inviterer til Bikubebarn på Det Norske Teatret.

Bikubebarn er eit tilbod til barn på laurdagar. Her får barna sjølv vere kreative og skapande i møte med teatermagien. På Det Norske Teatret skjer det utruleg mykje spanande både på og bak scenen. Vi har verkstad som skapar dei mest fantastiske kostyme, masker og scenografi. Frå scenen gir skodespelarar, dansarar og musikarar publikum opplevingar kvar kveld. Vi ønskjer å opne opp huset og la barn og unge ta del i denne magien. På programmet for Bikubebarn i vår er det både gjengangarar og nye konsept.

Beatboxing-verkstad m/ Beatur 

10. februar kl. 11.00-13.00

Det blir musikk og beats når ein av Noregs beste beatboxarar, Beatur, inviterer til beatboxing-kurs. Inkludert ei omvising på huset.

For dei mellom 6-14 år

 

Collage- og scenografi kurs m/ Fru Bugge

3. mars kl. 11.00-13.00

Saman med Fru Bugge opnar vi målarsalen på teateret for ein verkstad med collagekunst og scenografi. Inludert omvising på huset.

For dei mellom 6-14 år

 

Urban Art Attack for kids

17. mars kl. 11.30-15.00

Her får barna slå seg laus i heftige rytmar på ei av største scenene i landet. Fleire gonger noregsmeister i breaking, Marcus Andressen aka Dark Markc, gir ein breake-verkstad. Det blir lysshow, jam og rein danseglede på Hovudscenen.

For dei mellom 6-14 år

Marlene Skoglund, Magnus Emaka Einang og Marcus Andreassen er dommarar for dagen. Beatur er DJ.

Miniteaterverkstad

14. april kl. 11.00-14.00

Bli med på å lage ei miniframsyning på få timar! Vi er innom scenografi, sminke, koreografi og kostyme, før barna til slutt får stå på scenen og vise resultatet for foreldre og venner.

For dei mellom 6-12 år.

Afrikansk dans m/ Tabanka crew

5. mai kl. 11.00-13.00
Sjølvaste Tabanka Crew inviterer deltakarane med på dans og rytmar frå den afrikanske og karibiske kulturen.

For dei mellom 6-14 år.