Styret har i møte 29. april og 27. mai vedtatt at årsmøtet blir gjennomført digitalt og at det skal røystast på førehand i sakene som er til handsaming på årsmøtet. Heimelen for dette er Mellombels forskrift om unntak frå reglane om fysisk møte i aksjeselskap og allmennaksjeselskap som følgje av utbrotet av covid-19 (FOR-2020-03-27-464).

I korte trekk blir gjennomføringa slik:

1) Luteigarar som ønskjer å delta må innan 14. juni kl. 14.00 registrere deltaking (eller at ein gir fullmakt til styret eller andre) på www.aksjeservice.no

2) Desse luteigarane vil etter dette få ei lenke til førehandsrøysting i sakene, og ei anna lenke til deltaking i årsmøtet 20. juni kl. 14.00.

3) 20. juni kl. 14.00 blir årsmøtet gjennomført som eit tovegs videomøte med høve til korte innlegg og kommentarar på den digitale møteplattforma Zoom.