Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

Tindberg har gjennom dei siste 30 åra arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. I Abrahams barn framhevar han dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Det Norske Teatret trur tida ikkje er over for å finne saman i interessa for kulturkonfliktar, parallellar, for dei lange tankerekkjene og for ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Svein Tindbergs forteljarkunst har gitt meir enn 90 000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.

Tre religionar - ei bok

I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne.

Årets framsyning

Finn ut meir