Terningkast fire

en særs stillferdig, sindig forestilling

Terningkast fire

vanlige menneskers opplevelse av en katastrofe skildres vakkert

Terningkast fire

Johnsen har en sjelden form for musikalitet, som også kler Åstaddiktning

I ein vinterskog fyk åttiseks hjarte gjennom lufta.

I ein kupé sit det ein og diktar. Eit redningsmannskap samlar seg. Nokon leitar etter ein pust i ei barneseng. To personar møter kvarandre for første gong.

Det skjøre livet

Eirik Fauske har gjennom stykket åstaddikting tematisert ei rad menneskelagnader som i eit utvida augeblikk kjem eller ikkje kjem i berøring med ei stor ulykke. Det er ei framsyning om vanlege menneske i augeblikk som kanskje endrar retninga på livet deira. Det store smellet, eller hendinga som opnar for tankar rundt dei store spørsmåla, og som tydeleg viser kor skjørt livet kan vere.

Framsyninga er ei iscenesetjing av augeblikk, ei frise eller ei forteljing om korleis og kva eit liv kan vere. Det handlar like mykje om blikket utanfrå, om publikums innstilling og evne til å betrakte ein slik handlingsgang, som sjølve forteljinga om ei ulykke. Korleis vi som publikum fortolkar, evnar å forstå og korleis vi bruker vår eiga førestillingsevne, vil bli like viktig som sjølve spelet i scenerommet.

Finn ut meir