72 prosent normal

Korleis er det å vekse opp med eit søsken som har ei funksjonshemming? Det veit Kristin Grue ein heil del om.

Ho har laga ei soloframsyning som med mykje humor og varme tek opp tema som normalitet, det å vere annleis og omgivnadenes forventningar om at ein skal kjenne seg takknemlig for ikkje å være «den sjuke». Framsyninga er direkte på ein måte som gjer stoffet tilgjengelig for alle. For kva vil det eigentleg seie å vere «normal»?

Eigne erfaringar

72 prosent normal er ei framsyning av og med Kristin Grue, basert på hennar eigen oppvekst med eit funksjonshemma søsken og historier og opplevingar frå andre med fysiske funksjonshemmingar i hennar nære omgangskrets. Resultatet er ein monolog frå ”den friskes” perspektiv, om alle tankane ho har gjort seg gjennom livet om det å vokse opp med nokon som er ”annleis”. Grue ønskjer ikkje å moralisere, men å ”avmystifisere” folk i rullestol og snakke om det kanskje ikkje alle tør snakke om: Om kjensla av å vere annleis, om det å vere flau og men samtidig nysgjerrig. Og kva gjer det med eit søskenforhold når den eine må ha så mykje meir hjelp enn den andre?

Framsyninga er utvikla med støtte frå Dramatikkens hus.