Å ha ein bestevenn som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint, det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevenner.

Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin. Vil du vere med å synge?