Fosse i storformat

For første gong på Det Norske Teatret blir eit stykke av vår tids mest anerkjende dramatikar sett opp på Hovudscenen. Det skjer når Trine Wiggen regisserer Fosses storslåtte drama Draum om hausten på Det Norske Teatret.

DRAUM OM HAUSTEN
AV JON FOSSE
PREMIERE 15. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Dette er ifølgje Jon Fosse sjølv eitt av hans beste stykke. Morgenbladets jury kanoniserte Draum om hausten i 2013, og meinte det var eit nøkkelstykke i forfattarskapen hans. I sitt enkle, men poetiske språk behandlar dramatikaren familiære tema som forholdet mellom foreldre og barn, utruskap og lengt etter kjærleik.

Regissør Trine Wiggen let skodespelarane og teksten stå sentralt i eit assosiativt og ope rom, skapt av scenograf Milja Salovaara. Ho har reint fysisk dratt naturen inn på scenen – naturen og driftene i mennesket er det som gjer livet verd å leve, men også det som kompliserer tilveret for Fosses karakterar.

Ein mann og ei kvinne møtest tilsynelatande tilfeldig på ein gravplass. Det er haust. Dei kjenner til kvarandre frå før, og har alltid kjent ei tiltrekking. Åra glir av garde, nesten umerkeleg. Han forlet kone og barn og startar eit nytt liv med den nye kvinna. Han mistar kontakten med foreldra og sonen sin. Kanskje fordi han ville. Kanskje fordi det berre blei slik. Livet går sin gang. Familien prøver å finne tilbake til kvarandre, utan å lykkast. Mellom linene i Fosses symboltunge drama ligg det useielege, tause anklagar og brotne forventningar.

 

MED: Gard Skagestad, Iren Reppen, Sara Khorami, Audun Sandem, Nina Woxholtt, Janny Hoff Brekke/Hildegun Riise og Bernhard Ramstad.