Vi er alle barn

- Vi sluttar aldri å oppdra eller å bli oppdradd, seier Jon Tombre som har regi på Dette barnet, eit stykke som tar for seg forholdet mellom foreldre og barn.

- Vi sluttar aldri å oppdra eller å bli oppdradd, seier Jon Tombre som i vår har regi på Dette barnet, eit stykke som tar for seg forholdet mellom foreldre og barn.

- Først er det foreldra våre som forsøker å gjere oss til heile menneske, så tar skolen og etter kvart venneflokken og omgjevnadene over. Det er eit evig prosjekt, og ikkje alltid like vellykka, seier 54-åringen som under arbeidet med teksten også har reflektert over eigen oppvekst.

Dette barnet er i utgangspunktet skrive på oppdrag for eit familievernkontor i Calvados i Frankrike. Dramatikaren, Joël Pommerat, samla historier frå ei blokk i eit belasta område av byen under overskrifta «Kva vil det seie å vere forelder». Desse blei så framført på ulike sosialkontor i Caen og sidan samla han desse til ein serie av 10 ulike fortellingar som fekk tittelen Dette barnet. Stykket har sidan premieren i 2006 vore oppført ved fleire europeiske teater og skildrar familierelasjonar som syner ein kjærleik som ikkje er vilkårslaus – og som står i sterk kontrast til det romantiserte bilde av familielykke. Det er rått og direkte, men ikkje sentimentalt og fordømmande.

Kontrastar
Alle er nokon sine barn. Kvart nye barn, kvar nye familie ber i seg eit håp om ei lys framtid og ein draum om eit godt og kanskje betre liv. Bandet mellom barn og forelder er evig. Sjølv om verkelegheita sjeldan er slik ein drøymer om, kan ein ha mange , eller færre, lykkelege augeblikk. Familierelasjonar er ikkje ei uvanleg kjelde til dramatikken. Teatersjef Erik Ulfsby har uttalt at han synest denne sosialrealistiske teksten kler ein ukonvensjonell regissør som nettopp Jon Tombre. Ein som alltid er på jakt etter den visuelle kontrasten og visuelle poesien i stoffet. Tombre, som for tida tar ein mastergrad i teater ved Kunsthøgskolen i Oslo under overskrifta «Kødd og melankoli», ler litt av det.

- Ja, eg er tiltrekt av tekstlege univers som ligg nær verkelegheita, men som har ein ekstra dimensjon. I Dette barnet er det mange folk som snakkar om foreldrerolla, dei oppdagar på nytt korleis dei har blitt oppdratt og korleis det er å oppdra. Men stykket er ikkje veldig konkluderande. Eg likar at det er ein slags vev av ulike perspektiv som flettar seg saman. Det opnar for fleire innfall og tolkingar og lar det heile snurre av garde. Kven er vi? Kva driv vi eigentleg med?

Jon Tombre har gjennom fleire tiår operert i norsk scenekunstfelt som både regissør, dramaturg og konsulent. Han er utdanna ved L Ecole Internationale de Theatre Jaques Lecoq i Paris og har regilinja frå Statens Teaterhøgskole. Tombre har både drive eige teaterkompani, Det Motsatte Prosjekt, vore scenekunstkonsulent i Norsk Kulturråd og kunstnarleg leiar ved Dramatikkens Hus. I tillegg har han arbeidd med regi og alltid i krysninga mellom det tradisjonelle og det eksperimentelle. Både Kritikarprisen og Heddaprisen prydar den imaginære peishylla hans.

Ein kollektiv prosess
Ordtaket som seier at ein treng ein landsby for å oppdra eit barn, kan nesten overførast på det kollektive arbeidet ein sceneproduksjon utgjer. - Å setje saman ei kunstnarleg gruppe er nesten den viktigaste jobben eg gjer. 90 prosent av eit prosjekt avheng av casting, seier Tombre. Med seg på laget har han tatt med sin mangeårige samarbeidspartnar Lawrence Malstaff. Malstaff er installasjonskunstnar, opphavleg utdanna industridesignar, som arbeider i krysninga mellom det reint visuelle og teatrale. Han skapar installasjonar og rom med sterk vekt på rørsler, tilfeldigheiter, orden og kaos. Ofte tilfører han store rørlege objekt som hjelper publikum i å orientere seg i rommet.
- Lawrence tar tak i industrielle ting, ting som ikkje er vakre i seg sjølv, men som gjennom hans behandling av objekta får tilført ein slags poesi. Han bruker kjedereaksjon som eit grunnleggjande prinsipp, det eine leier til det neste, seier Tombre.

Støype i sand
Scenografien til Dette barnet er innanfor dette landskapet. Tittelen på stykket er sterk. Det handlar om å bli til, om å skape menneske. På scenen skal dette nærast bli konkret, men mest av alt assosiasjonsskapande. Å oppdra eit barn er som å støype i sand. Du kan prøve å forme det i ditt bilde og sette ditt preg på det. Men det blir ofte ikkje slik du hadde sett for deg, og kan lett gå sundt. Scene 2 blir derfor omgjort til eit laboratorium, ein slags verkstad der skodespelarane skal lage støypingar av hovud i sand. Materialet er skjørt, akkurat som mennesket er det. Gjennom bruken av sand, vatn, isoporkasser og plastikk skal desse illusjonane bli skapt.
- I utgangspunktet er ikkje isopor og plast veldig vakkert, men enkle verkemiddel som raskt kan skape forandring. Eg vil vise korleis noko som vi ser på som heilt trivielt kan bli til noko meir. Dette hjelper teateret oss med, å skape noko vakkert ut av det som ikkje er opplagt vakkert, seier Tombre som saman med komponist Amund Sjølie Sveen og fem skodespelarar flyttar familierelasjonar og foreldreskapet inn i laboratoriet på Scene 2 i vår.
- Eg tar med meg to ord inn i arbeidet med relasjonen mellom foreldre og barn. Det er skråsikker og stillheit. Kontrastfylte ord som eg trur kan vere gode reiskapar når vi skal undersøke dette temaet, avsluttar Tombre.

Tekst Ida Michaelsen Foto Eirik Malmo