Bakgrunnsartikkel

Så lenge skuta kan gå

Midt mellom galleri, dyre kjederesturantar og blendakvite yachtar ligg Ilonda, ein 70 meter lang trebåt frå 1951. Luk Perceval, som regisserer Trilogien av Fosse ser ut mot Akershus Festning.

Skrive av
Matilde Holdhus

-Det er ei fantastisk utsikt å vakne til.

For Perceval vaknar til dette kvar einaste morgon medan Trilogien blir prøvd opp. Han bur på Ilonda som ligg på Aker Brygge frå april til september. Illonda er så stor at det er meir nærliggande å kalle ho eit skip enn ein båt. Perceval sjølv kallar Ilonda for ei gamal dame:

-Det er fordi ein må behandle ho pent. Ting går i stykke heile tida, det er alltid eitt eller anna som er øydelagt. Når vi sigla opp hit heldt vi på å gå ned. Ho tok inn masse vatn og pumpesystemet blei øydelagt. Då må ein handle, utan å få panikk. Båtlivet held ein roleg, men vaken.

Regn, vatn, hav og båtar er sentralt i historia om Asle og Alida, spelt av Christian Ruud Kallum og Madelena S. Helly-Hansen. Foto: Erik Berg.

Det kler sjølvsagt regissøren av Trilogien godt å bu i ein båt: I Jon Fosses meisterverk om Asle og Alida er båtreisa sentral. Dei dramatiske månadane i Bjørgvin, der både sonen deira Sigvald blir fødd og Asle må bøte med livet, startar og sluttar med ei båtreise. Bjørgvin, Vestlandet, med havet alltid nærverande, er bakteppet i historia. Scenograf Annette Kurz har også tatt utgangspunkt i båtar når ho har laga scenebilete til framsyninga.

Regn, vatn, hav og båtar. Det er viktige element i Trilogien. Både som eit bilete eller eit symbol, men også som ein konkret båt. Båtar fortel ei historie om dei som må flytte på seg heile tida, dei heimlause og dei foreldrelause, liksom Asle og Alida. Og sjølvsagt om dei som lever av havet.

Det har vore båtar i Percevals liv så lenge han kan hugse. Foreldra hans var fiskarar og han har budd på ein båt store delar av livet. Han fortel at han var livredd for vatn og at han fleire gonger nesten drukna. Bestefaren hans drukna òg på havet, ein død som er omgitt av mystikk og manglande puslespelbrikkar. Som liten lengta han mot fastlandet, lengta etter å vere i lag med andre ungar, spele fotball eller berre det å ha fast grunn under føtene. No som han er blitt eldre er det annleis.

-Det kjendest plutseleg riktig å eige båt, å bu mest mogleg på båt. Det er vel ein av desse repetisjonane eg opplever at livet består av. Ein repeterer sitt eige liv, foreldra våre sine liv og dei igjen repeterer seg sjølv og sine foreldre.

Alle som kjenner Fosse veit at repetisjonar, både språkleg og tematisk, er attergangarar i forfattarskapen hans. Repetisjonane som er lette å få auge på også i Trilogien. Sjølv om den tredelte romanen er ei slags krimgåte, er det også ein slektsroman. Ei forteljing som går gjennom generasjonar, der vala ein generasjon tar repeterer seg i den neste. Desse repetisjonane var noko av det som gjorde at Perceval kjende at han måtte gjere trilogien.

-Eg hadde gjort Draum om hausten i München, og var vel kjend med Fosse. Men når eg las Trilogien kjende eg med ein gong ein sterk samanheng mellom mitt eige liv og Fosses tekst. Desse repetisjonane kjennest uunngåelege, det er som om jo meir ein går inn i framtida, jo meir blir ein dradd tilbake i fortida. Ein tenkjer at no gjer eg noko heilt nytt, men eigentleg gjer ein det same igjen og igjen og igjen og igjen.

Ein tenkjer at noe gjer eg noko heilt nytt, men eigentleg gjer ein det same igjen og igjen og igjen og igjen.

Luk Perceval

I Percevals dramatisering av Fosses roman har han vald at Ales, Alidas dotter og hovudpersonen i siste roman Kveldsvævd, er ein gjennomgåande karakter. I denne versjonen er det Ales som nøstar opp historia om Alida og Asle. Prøver å setje saman puslespelbitane frå sitt eige liv og liva som blei levde før ho blei fødd.

-Ho gjer det for å bli fri, prøver å finne ut kvifor mor hennar døydde. Kva som eigentleg skjedde. Eg trur mange har slike svarte hól i familiehistoria si, personar eller stader som ein ikkje snakkar om, som gøymer eit mørker. Samstundes er det nokon gonger at desse manglande puslespelbitane er dei viktigaste for å sjå heile biletet av korleis ein familie forstår seg sjølv gjennom generasjonar.

At Ales er blitt ein slags forteljar og at historia på scenen blir fortald gjennom henne er eit grep for å lage eit perspektiv, som er annleis enn det er når ein les boka. Men det gir òg ein ekstra dimensjon til historia, meiner Perceval:

-Vi er i hennar hovud, i hennar sinn. Vi følgjer hennar vegar, utvegar og blindvegar i hennar mentale labyrint.

Illonda duvar sakte fram og tilbake. Sjøidyllen og det botnlause mørkeret som havet trass alt er, vippar side om side for Perceval.

-Eg kjenner at eg kan ha det som Ales nokre gonger, prøve å finne ut av korleis og kvifor, repetere for meg sjølv, slik var det, nei slik. Igjen og igjen. Medan eg ligg og prøver å få sove i denne flytande trekista mi.

Denne artikkelen blei første gong publisert i Bakteppet i 2019, i samband med urpremieren på Trilogien.