Bakgrunnsartikkel

Spegel spegel på veggen der – kven er vakrast i landet her?

I dag kunne regla like gjerne ha vore: Bilde, bilde på Facebook-veggen der, kven får flest likes av alle her?

TEKST Ida Michaelsen

Behovet for stadfesting og forsikringar har alltid vore der. I dag er spegelen erstatta av kameraet, og kanskje er nettopp gjenkjenninga noko av forklaringa på Snøkvits slitesterke appell. I haust kjem Snøkvit i ein splitter ny – og spegelvend versjon – til Hovudscenen.
- Det er kult at vi tar ei historie som på sitt vis er kjend, men ho er jo kjend for ein spesiell versjon. Det finst jo ei original historie, og kjernen i den er det vi skal fortelje, seier Heidi Gjermundsen Broch som skal spele dronninga. Dottera Snøkvit blir spelt av Charlotte Frogner – ein superduo som skal gjere Hovudscenen til ein musikalsk fest i haust.

Tøff og modig jente

- Grimms eventyr, som framsyninga er basert på, er ei nokså mykje mørkare historie enn den vi alle kjenner frå Disney, seier ho.
- Det er noko ekstra spennande å skulle dykke ned i denne Snøkvit-karakteren, ei jente som vil lausrive seg, som kjenner at kjolebandet plutseleg er for stramt, at prinsessekrona er i vegen, som vil gjere opprør og som vil ut.
Det er ei modig jente eg skal prøve å leite fram som ikkje berre ønskjer å vere pen.
Ho gjer opprør mot ei mor som prøver å halde henne litt for tett til brystet, ho er ei sjølvstendig jente som tar styring over sitt eige liv. Ho bryt laus og oppdagar verda på sin eigenmåte. Ho er kul, rett og slett, seier Charlotte.

Heidi Gjermundsen Broch skal spele rolla som Dronninga, mor til Snøkvit og sjukeleg oppteken av skjønheit. Ho har spelt ei rekkje roller i musikalar og musikkteaterframsyningar ved Det Norske Teatret. Foto: Eigil Aasen.