Som ein leik å skriva dramatikk

– Eg ser på skrivinga som ei gåve, og ein kan ikkje vera sikker på at ein får fleire gåver, seier Jon Fosse. Han fyller 60 år i desse dagar, har eit digert romanverk klart for lansering og skriv for første gong på årevis nye teaterstykke. Og det går som ein leik.

Ein gong for lenge sidan stod Jon Fosse bak scenen på Det Norske Teatret. Han og fleire andre samlagsforfattarar skulle lesa. Det var ei eller anna markering på Hovudscenen, Fosse hugsar ikkje heilt. Det var årevis før han byrja å skriva dramatikk, ein gong på 80-talet. Fosse stod bak scenen der all teknikken, alle lyskastarane, alt utstyret er, saman med andre nynorskskrivande forfattarar. Dei var i landets største og mest moderne teater. Eit hus fylt med folk som kan gjera tekstar til teater. Alt var lagt til rette for at gode tekstar skulle få liv på scenen. Og det slo Jon Fosse at knapt ein einaste av dei nynorske forfattarane skreiv for teateret som hadde kosta millionar av kroner, ingen av dei skreiv dramatikk. Men huset stod der, klart til bruk. Tusenvis av kvadratmeter. Utstyr og teknikk for millionar. Hundrevis av tilsette. Det var berre dramatikken som mangla. Den gongen hadde Jon Fosse slett ingen ambisjonar om å skriva for teater, men det slo han som ein tanke at nynorsk dramatikk, det trengst.

Det er lenge sidan dette no. Fosse har skrive tusenvis av boksider sidan den gong, og han har blitt ein verdskjend dramatikar. No er han innom Det Norske Teatret der han skal feirast med ein heil festival – Fossefestivalen! Han som eigentleg ikkje ville bli dramatikar, skal hyllast over ei veke i strekk.

I 1996 var det første gongen eit Fosse-stykke blei sett opp på Det Norske Teatret, da det var urpremiere på Nokon kjem til å komme. Her er Jan Grønli som Han og Unn Vibeke Hol som Ho i Otto Homlungs regi. Foto: Helge Hansen..

Han har tusla ned til teateret frå Grotten der han bur, det er ikkje lange vegen. Han er som alltid svartkledd, har det lange, gråe håret samla i ein hestehale og er nøgd. Det er 25 år sidan eit Fosse-stykke for første gong vart sett opp på ein scene, og no: ein heil festival.
– Eg er takksam og stolt. Eg er ikkje så glad i mykje merksemd rundt meg personleg, men eg vil gjerne ha merksemd om det eg skriv. Det er no ein gong det eg har brukt livet på.

Fosse vart dramatikar på 90-talet, men har skrive profesjonelt i 40 år. Han har skrive og skrive, romanar, dikt, dramatikk, barnebøker, essay, journalistikk, han har omsett og gjendikta, er sjølv omsett til over 50 språk og vert nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Denne hausten er noko heilt særskilt for Jon Fosse. I tillegg til Fossefestivalen lanserer han første boka i romanverket Septologien både her i landet og internasjonalt på bokmessa i Frankfurt. Og han fyller 60 år!
– Det er ikkje stas. Då eg vart 40, tenkte eg at det var på høg tid. Det hadde skjedd så mykje. Då eg vart 50, kjendest det også greitt.

Kvifor likar du ikkje å bli 60?
– Eg veit ikkje. I gamle dagar var ein gammal når ein var 60. Slikt har jo endra seg litt. Det som før var 70, er no 80, og ein 60-åring er kanskje ikkje ein gammal mann. Eigentleg har eg ikkje noko imot å bli gammal. Men eg har vore nær venner som har slite med store helseproblem. Det er det fælt å vera vitne til. Men det er godt å ha ro, ha levd lenge og ha gjort mykje. Eg har aldri hatt det så godt som no.

– Du er 60 år og har seks barn. Den minste er ein baby!
– Ja, det er det beste som kunne skje meg. Eg opplever det å ha spedbarn på ein annan måte enn før i livet. Eg er til stades på eit anna vis. Men det er sjølvsagt betre å ha ein ung far. Forresten finst det fedrar som er langt eldre enn meg. Eg klaga meg også til ein svensk skodespelar. Då fekk eg svar på tiltale. Han var 75 og i same situasjonen. Kven trudde eg at eg var, liksom.

– Kanskje nye barn om 15 år, då?
– Livet får leva, og det som skjer, det skjer, seier Fosse og ler.

Ei yngre utgåve av Jon Fosse i samband med Ein sommars dag på Det Norske Teatret i 1999. Foto: Helle Bakke.

– Å bli eldre handlar same korleis me snur og vender på det, om å vera nærare døden.
– Eg har aldri hatt dødsangst. Nokre har det, andre ikkje.

– Du kan tenkja på døden med ro?
– Ja, men det kompliserer det at eg er blitt far igjen. Det er ulempa med å bli far når ein er gammal, men mi haldning er å la livet leva, la barn bli fødde. Leva og lata leva. Dødsangst har eg ikkje, men det er mykje smerte i livet. Og i meg er det mykje sorg. Som Ibsen sa: «Jeg fikk sorgens gave, og så var jeg skald.» Smerte, sorg, det melankolske og depressive er også ei gåve. Ein kan gjera noko godt ut av det.

Historia om Jon Fosse er underleg, og kanskje særleg forteljinga om dramatikaren Fosse. Som liten gut såg han som seinare vart kalla «Vetle-Ibsen», knapt teater. Å reisa frå Strandebarm til Bergen for å sjå teater var ikkje aktuelt. Det var ei heil lang reis den gongen. Som ung såg han nokre framsyningar som gjorde inntrykk. Blant anna Nattverden av Lars Norén på Det Norske Teatret, midt på 80-talet ein gong. Det var ein mørk og elendig haustkveld, men teateropplevinga var intens, nærast magisk. Fosse har skildra det slik: «Både før og etter har eg sett dårleg teater, men har du ein gong sett teateret godt, reddar det ein frå alt det dårlege ein elles skal møte.»
Visst hadde unge Fosse nokre gode opplevingar med teater, men han var ikkje så oppteken av teater. Han syntest ofte det handla meir om jåleri enn kunst. Etter å ha vore innom eit dramatikarkurs vart Fosse overtydd om at han skulle halda seg borte frå den teaterverda. Men så vart han dramatikar likevel, nærast mot eigen vilje. Instruktøren Kai Johnsen prøvde fleire gonger å få Fosse til å skriva dramatikk. Han hadde lese dei tidlege romanane til Fosse og var sikker på at Fosse var dramatikar, men Fosse sa nei og atter nei. Likevel, i 1993, vel ti år etter at Fosse romandebuterte, skreiv han for første gong eit teaterstykke. Han trong pengar! Han var blakk og skreiv for første gong replikkar, starten på Nokon kjem til å kome, og det viste seg å gli merkeleg lett. Fosse har skildra det å skriva dramatikk for første gong som «den største openberringa i mitt forfattarliv».

– I mi dikting er det ikkje det karakterane seier, som skal snakka. Det er det som ikkje blir sagt. Det er eit språk bak det språket som står skrive, og det er eigentleg språket bak som skal snakka. Då eg skreiv for teater, var det mykje lettare å få det tause til å tala, mykje lettare enn i prosa og lyrikk, som eg hadde skrive til då. I dramatikk kan eg bruka avbrotne setningar og korte og lange pausar for å få språket bak til å bli nærverande på eit vis.  

Jon Fosse og Lars Norén i samtale i forkant av premieren på Lars Noréns stykke November i 2001. Jon Fosse omsette stykket til norsk. Foto: Erik Berg.

Korleis skil det å skriva dramatikk seg frå det du elles har skrive?
– Du kan ikkje lyga som dramatikar. Det kan ein forresten heller ikkje i anna god dikting, fiksjon er noko anna enn lygn. God fiksjon er rein sanning. Men i praksis: Dikt kan du gjere så vanskelege du vil, eller du kan konstruera i romanar. Du kan lyga – men då skriv du dårleg – på uendeleg mange måtar. Det kan du ikkje i ein teatertekst. Ein god teatertekst er heilt gjennomsiktig. I gode produksjonar i teateret kjem svevet. Det er å kunna skriva fram desse svevaugneblinkane eg freistar på i diktinga mi. Og som må vera der om teater skal bli godt. Du kan ikkje styra det. Det kjem eller så kjem det ikkje, både i skriving og på scenen. Men av og til er desse magiske augneblinkane der på teater, og det er jo dei som gjer at det er møda verd. Teater kan vere ganske keisamt og eit bask for alle, både i sal og på scene. Men av og til skjer det. «Det går ein engel gjennom scenen», som det heiter i eit ungarsk uttrykk. Det er ei god skildring av det som skjer i dei forklåra augneblinkane då ein skjønar mykje meir enn ein eigentleg skjønar, utan at ein kan setja ord på det. Prøver ein å setja ord på det, forsvinn det sjølvsagt.

Eit Fosse-stykke vart sett opp første gong her i landet på Den Nationale Scene i Bergen i 1994. Nokon kjem til å kome hadde premiere på Det Norske Teatret i 1996. Det første stykket vart spelt i utlandet i 1997 med god drahjelp av den svenske teateragenten Berit Gullberg. To år seinare kom det store internasjonale gjennombrotet. I 1999 var Fosse godt etablert som dramatikar her heime og hadde fått innpass i mange land. Han var ein suksess. 28. september 1999 hadde Nokon kjem til å kome premiere i Nanterre like utanføre Paris. Regissøren var den verdskjende og legendariske Claude Régy. Den oppsetjinga la grunnlaget for Fosses store gjennombrot i Europa. Det var ei rar og overraskande framsyning, og Jon Fosse vakna på eit hotellrom i Paris dagen etter premieren. Det var førtiårsdagen hans, og han visste at akkurat den oppsetjinga var ein døropnar for han som dramatikar.
– Det kom omsetjingar og produksjonar og det var ikkje måte på. Eg veit ikkje kor mange urpremierar det var kvart år. Eitt år var eg på reise halve året i samband med premierar. Det blei mykje etter kvart. Når teaterhausten byrja, byrja eg å reisa. Og freden senka seg omtrent ikkje før sommarferien, fortel Fosse.

Franske Claude Régy er ein avregissørane som har hatt mykje å seie for Fosses gjennombrot i Europa. Her frå Dødsvariasjonar på La Colline Théâtre National i 2003. Foto: Brigitte Enguerand.

Då Fosse fylte 50, var han matt. Han hadde skrive dramatikk som ein galen i årevis. Det eine stykket hadde teke det andre, på ein sommar kunne han gjera ferdig to skodespel. Rundt 50-årsdagen melde han frå om at den dramatiske raptusen gjekk mot slutten. Han som valde skrivinga for å vera aleine og trekkja seg tilbake, hadde blitt eit midtpunkt. Han kunne leva i sus og dus og rus året rundt, men Fosse var lei. Han som slett ikkje likte å opptre, bestemte seg for å slutta med det. Han ville ikkje reisa og heller ikkje skriva dramatikk. I alle fall for ei tid. Tjueåtte heilaftans teaterstykke. Åtte kortare stykke. Det fekk halda.
– Etter at eg hadde skrive teaterstykket Eg er vinden, gjekk eg rett over til å skriva prosa. Eg skreiv Andvake, starten på Trilogien. Der ligg overgangen frå teater til prosa. Etter Eg er vinden måtte eg skriva teaterstykket Desse auga. Det var ei bestilling eg hadde takka ja til. Det var forferdeleg tungt.

– Du var ferdig som dramatikar då?
– Ja, eg hadde ikkje lyst, det var på overtid. Når ein har vore dramatikar i mange år, så kan ein skriva stykke. Det eine stykket liknar på det andre hos meg. Og det er bra, det! Hos distinkte diktarar glir det eine verket over i det andre. I mitt fall kan ein tenkja at somme av stykka er ulike akter i same stykke. Namnet kan vera første akt, Natta syng sine songar andre, til dømes. Vinter er første akt, Nokon kjem til å kome er andre.

Det er ingen løyndom at Jon Fosse ei tid drakk mykje, altfor mykje. Men aldri når han skreiv, då måtte han vera klink edru. Alkoholen var i mange år nyttig for han som hadde angst for nesten alt utanom det å skriva, men etter kvart tok alkoholen styringa. Han var aldri rusa, men måtte drikka for å vera normal, som han seier. Fosse drakk døgnet rundt i eit par månader, og kollapsa. Det skjedde våren 2012. Han tok den bratte avgjerda at han skulle slutta å drikka.
– Eg hadde kraftig delirium og alkoholforgifting. Eg har lese at 30 prosent døyr av det om dei ikkje får behandling. 15 prosent døyr med behandling.

Fosse har gjort ei rad gjendiktingar av klassiske teaterstykke og tekstar. Her frå Robert Wilsons iscenesetjing av Edda med tekstar frå Jon Fosses sceniske versjon av Den eldre Edda. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

– 2012 vart eit vendepunkt. Du slutta å drikka i mars og konverterte til katolisismen den sommaren.
– Ja, det vart eit skifte. Eg tok tak og snudde skuta.
Fosse slutta å gå på bar, slutta nesten heilt å sjå produksjonar av eigne stykke, slutta å lesa opp og vera på scenen. Han valde eit anna, mindre sosialt liv.
– Ein kan spørja kva slags alkoholisme det var eg hadde. Eg drakk altfor mykje, men det var ikkje vanskeleg å la vera å drikka når eg først var blitt frisk att. No set eg meg ikkje på pub. Eg går på ei kaffistove i staden. Alkoholen er for mange eit stort gode, berre for relativt få eit stort problem. Etter ikkje å ha drukke på sju år, tek eg meg no eit glas vin eller to ein hende gong. Men det seier seg sjølv at det ikkje blir fleire nachspiel på meg. Den tida er forbi.

– Det er eit før og etter på denne tida, rundt 2012?
– Ja, mange ting fell saman. Eg møtte også Anna, og me gifta oss. Me fekk vår første dotter, Erli. Og så vart eg tildelt Grotten. Der har me stort sett budd halve året, og no bur me der heile tida.

Vestlendingen Fosse vart tildelt Grotten i 2011. Korleis skulle det gå, spurde ein seg på Vestlandet. Kom den litterære åra til å tørka inn utan jamt pissregn og utsikt mot fjell og fjord? Fosse var slett ikkje overtydd då tilbodet kom, men kjende etter kvart at det var bra med tanke på kva han representerer, nemleg nynorsken.
– Det har skjedd så mykje dei siste ti åra. Det skjedde så mykje at eg måtte ha ein pause frå skrivinga. Eg røyner ting i livet, og eg røyner ting i diktinga. For meg er det eg røyner når eg skriv, minst like sterkt, ja eigentleg sterkare, enn det eg røyner i livet. Å skriva er å drøyma i vaken tilstand, å setja seg sjølv i ein styrt draumetilstand der ein lyttar seg framover, kan eg kanskje seia. Difor ville eg ikkje skriva i ein skjør periode etter at eg slutta å drikka og konverterte. Då måtte eg først koma tilbake til den vanlege røynsla.

– Du frykta skrivinga på den tida?
– Nei, men eg kvidde meg. Eg hadde ikkje lyst til å sleppa meg laus. Og det å skriva er jo å utsetja seg for det ukjende. Det var nok utryggleik som det var.

Fosse hadde skrive seg ferdig i dramatikken og gjekk etter kvart tilbake til prosaen, han gjekk tilbake der han kom frå. Og Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd vart til Trilogien, eit verk Jon Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2015. Han var glad og mild og takksam under utdelinga i Reykjavik, men då Erna Solberg gratulerte og ymta frampå om at det også var ein pris til Bergen, var alt det milde borte. Nei, det ville ikkje Fosse ha noko snakk om. Prisen var til Vestlandet og nynorsken, ikkje Bergen, der riksmålet og bokmålet dominerer. Fosse gav Solberg ein verbal smekk og hasta til hotellet.
Men Nordisk råds litteraturpris gjorde godt. Og i takketalen sa Fosse at prisen kom på eit heldig tidspunkt, for så langt framover som Fosse kunne sjå, så kom han til å skriva prosa. Fosse hadde nokre år der han vegra seg for å skriva, men sommaren 2015 hadde han bestemt seg for å pressa seg i gang igjen. Han fekk god hjelp av ei hetebølgje. Sommaren 2015 var Fosse invitert til Château de Brangues i Frankrike, slottet til den avdøde franske diktaren Paul Claudel. Fosse vart invitert av etterkomarane hans, ein av omsetjarane hans er inngifta i familien. Han hadde ein plan om å starta opp att med prosa, og slottet var eit høve utanom den daglege tralten.

Benedicte Maurseth og Svein Tindberg i iscenesetjinga av det som no er blitt Trilogien sin første del, Andvake, i 2009 på Det Norske Teatret. Regien var ved Kjetil bang-Hansen. Foto: Signe Marie Andersen.

– Det var hetebølgje medan me var der. Det var så varmt at når ein gjekk ut, kjendest det som å bli møtt av ein vegg av varme. Eg toler varme så dårleg. Heldigvis hadde me rom på ei sval side av slottet. I kveldinga bevegde eg meg ut. Om dagen skreiv eg opninga på Septologien. Eg berre byrja med Macen på magen i senga. Eg har lett for å skriva. Noko kjem når eg set meg ned for å skriva. Eg har aldri hatt skrivesperre.
Han hadde ein start, men ingen planar om å skriva nokon roman, likevel skreiv og skreiv han. Han ville skriva nærast det motsette av dramatikk, det han kallar «langsam prosa», prosa som tek tid, er litt omstendeleg, som ikkje hastar av garde frå det eine til det andre. Han kjende trong til det langsamt fløymande. Etter kvart la teksten seg til rette i sju delar, difor kalla Fosse verket Septologien.
– I mange år hadde eg arbeidd intenst med teaterstykke. Min måte å skriva teater på handlar om avgrensing for å oppnå konsentrasjon og intensitet. Dramatikk krev ikkje nødvendigvis mykje ytre drama, men det krevst sterk indre spenning, intens lading. Langsam prosa er negasjonen av det raske dramaet. Prosaen tek mykje lengre tid enn stykka og krev meir ro i meg sjølv og i kvardagen.

– Og det handlar om havet, døden og kjærleiken?
– Ja, no igjen, seier Fosse og ler.
– Heile Septologien er kanskje eit augneblikk, eit fortetta no, eit dødsaugneblikk. Når folk døyr, blir det sagt at ein får livet i repetisjon. Septologien kan kanskje sjåast på som eit slikt augneblikk. Det var utruleg viktig for meg å ikkje døy før dette verket var ferdig. Det kan høyrast sprøtt ut, men eg var redd for å ikkje koma i mål. Me skal jo alle vekk, og eg var redd for at helsa og kreftene ikkje skulle halda. Eg har jo opplevd det eg har opplevd. Men slik har eg forresten hatt det heile tida, eg hugsar at eg alt då eg skreiv dei første bøkene mine, hadde tankar om at eg ikkje måtte døy før eg var ferdig med skrivinga.

– Men kvifor tenkjer du slik?
– Kanskje fordi det kjennest så viktig å seia det som må seiast. Det er mi plikt å få det sagt. Det handlar om forma, men også om å ha noko på hjartet, noko som ikkje kan seiast på annan måte enn i diktinga med sin einskap av form og innhald. God dikting er like unik som eit andlet. Kvart nytt verk er eit nytt andlet, for å seia det slik.

Under Fossefestivalen kjem ikkje Fosse til å visa seg stort på Det Norske Teatret. Det er mogleg han «skulkar» heile festivalen. Det blir for mykje for han, men han kjem til å sjå prøver, treffa folk og han følger med frå huset oppe i Slottsparken. Og sjølv om Fosse har sagt at den dramatiske raptusen er over, så har han forsyne meg skrive eit teaterstykke til. Det heiter Sterk vind. Stykket blir spelt på Det Norske Teatret i 2020 eller 2021.
– Det gjekk som ein leik å skriva det! Og det var ei stor glede å skriva dramatikk igjen etter den lange pausen, og å få det til. Det er noko heilt anna å få form på eit teaterstykke enn på den langsame prosaen. Eit teaterstykke brukar eg berre nokre veker eller månader på. Det er skrive meir som i eit sveip. Litt som eit dikt. Ofte stemmer då nesten alt etter berre éi gjennomskriving.

I 2011 flytta Jon Fosse inn i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Erkevestlendingen blei nabo med kongen og avstanden til fjordarmar og striregn blei stor. men sjølv midt i hovudstaden er det ro til å arbeide.

– Kjem du til å skriva meir for teater no framover?
– Det blir nok fleire teaterstykke, vil eg tru. Om sant skal seiast, er eg no alt godt i gang med endå eit stykke. Men eg ser på skrivinga som ei gåve, og ein kan ikkje vera sikker på at ein får fleire gåver. Sikkert er det likevel at eg ikkje kjem til å skriva stykka i same farten som eg ein gong gjorde.

– Kva med å bli pensjonist etter kvart?
– Nei, det går nok ikkje. Somme sluttar å skriva, andre skriv så lenge dei kan. Eg må ha eit prosjekt, utan det blir eg uroleg og vantrivst.

– Mange på din alder lengtar heim til barndomslandet. Er du komen dit?
– Far min blir 90 år til hausten. Eg tenkjer at eg har teke det for gitt at forelda mine er der. Det er sjølvsagt toskeskap! Eg lengtar ikkje tilbake. Eg er ikkje så knytt til Strandebarm, tvert imot. Eg er knytt til det Ingvar Moe snakka om som Vestlandet i meg. Men for meg er det noko godt, ikkje noko plagsamt, slik Ingvar meinte med det uttrykket.

– Kvifor er du ikkje knytt til Strandebarm?
– Det har med meg sjølv å gjera. Eg hadde det godt der, men var eit vanskeleg tilfelle for både meg sjølv og andre. Kanskje mest for meg sjølv.

– Men fjorden, fjella, regnet, vatnet?
– Hovudpersonen i Septologien sit og ser ut på bølgjene. Eg ser på mine indre bølgjer i Slottsparken.

– Men du held ut?
– Ja, ja, ja. Eg har alltid vore tilpassingsdyktig. Eg må ikkje bu ein spesiell plass. Eg har levd på reise sidan eg var 30, på grunn av teateret. Eg har hatt mange ulike bustader.
– Og så har du jo hytta di på Dingja, og derifrå ser du havet.
– Ja, det er godt å koma dit. Lyset der, det er forunderleg mildt og blått. Og å koma seg på sjøen. Og knausane og lyngen. Eg veit ikkje kvifor, men det gjer godt.    



TEKST Cecilie Seiness BILDE Tom A. Kolstad
Teksten er ein forkorta versjon av den som stod på trykk i Syn&Segn nr. 2, 2019