Bakgrunnsartikkel

Skam på 1800-talsk

- Skamma er tilbake, meiner regissør Miriam Prestøy Lie. Også på Scene 2, når Vårløysing i ein overdådig frodig versjon blir sett ut i livet. Her blir det både store kjensler, kjærleik, tragedie, komikk... - Og spøkelse!

Det vil bogne av blomar i overdrivne versjonar, sopp og lauv skal regne frå taket, scenegolvet blir fylt av grasbakkar og eit løyndomsfullt stort tre. Det skal storme og blåse, nett slik det kan gjere i eit hormonelt styrt ungdomssinn når Frank Wedekinds dramatiske ungdomstragedie blir sett i scene nesten 130 år etter den blei skriven.

I botnen er Vårløysing ei forteljing om å finne ut av kven ein er. Det er både vakkert, hysterisk og smertefullt å vere vitne til. Stykket blei straks blei skandalisert og stempla som pornografi da det blei gitt ut i 1891. Ungdom i seksuell oppvakning som stiller spørsmål ved etablerte sanningar og dei vaksne sin dobbeltmoral var ikkje akkurat aksepterte tema å ta opp i offentlegheita for godt over 100 år sidan. Datidas ungdom var kvelte under tabu, moral og reglar som gjorde det vanskeleg, for nokre umogleg, å leve.

Tabu og dobbeltmoral

Handlinga går føre seg i ein avsidesliggande småby der toget alltid går forbi. Her blir vi kjende med ein liten bukett ungdomar som har ulike utfordringar; Melchior meiner alt dei vaksne står for er falskt, Wendla får ikkje vite korleis barn kjem til verda og endar opp med å bli ufrivillig gravid, Martha blir utsett for grov fysisk avstraffing heime over bagatellar, og Moritz taklar ikkje presset på skolen og lid av enorm skamkjensle over seksuelle tankar. Felles for dei alle er at dei er midt i puberteten og det skjer ting med kroppane deira dei fleste ikkje heilt forstår eller har eit språk for.

Scenografimodellen til Vårløysing. Her er mengder med mose, blomar, draperingar og ein togovergang. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.

- Wendla kjem frå ein gudfryktig overklasseheim med ei kontrollerande mor som ønskjer at ho skal halde fram med å vere hennar vesle prinsesse, seier Sarah Francesca Brænne, som skal spele 14 år gamle Wendla. – Ho utvikler ein opprørstrong og ein intens nysgjerrigheit på sin eigen seksualitet og alt som er forbode.
Rundt Wendla er alt veldig porselenskvitt og perfekt, men Wendla vil ikkje vere ei pyntedokke, men finne ut kven ho eigentleg er.
Melchior på si side, trur han har funne dette ut. Han har forkasta trua på gud og alt som ikkje er natur og blitt ein ganske radikal figur som både gutar og jenter er fascinerte av. - Alt Melchior kan, har han lært frå bøker, forklarar Christian Kallum, som skal spele Melchior. - Men han har ikkje lært noko om kjærleik. Desse ungdomane har berre lært å tukte, ikkje å elske. Derfor går det veldig gale mellom han og Wendla, og det får alvorlege konsekvensar, spesielt for henne.

Wendla og Melchior hamnar i ein slags doktor-leik som ender veldig gale og får katastrofale følgjer for henne. Her frå filming til promomateriell. Foto: Eirik Malmo.

Samfunn prega av skam

- Vi har valt å la handlinga gå føre seg på 1890-talet, da stykket blei skrive, forklarar regissøren, Miriam Prestøy Lie. - Men vi held oss ganske fritt og leikent til tidsramma, og går inn i det historiske med vår eiga forståing.
Ho meiner det er lettare å relatere seg til tematikken dersom publikum aksepterer at dette er eit samfunn med litt andre reglar enn vårt. - Stykket var jo svært radikalt da det blei skrive, med ei sprengkraft som gjer at det framleis kjennest friskt og relevant for vår tid. Og kanskje meir relevant no enn for berre 10-15 år sidan, legg regissøren til.

Regissør Miriam Prestøy Lie (til høgre) på kost/mask-prøve på scenen i passiar med inspisient Hedda Haaland. Foto: Erika Hebbert.

Stykket blei skrive som eit opprør mot den strenge protestantiske seksualmoralen på 1800-talet, og er ein kritikk av den borgarlege fasaden. I stykket møter vi ei mor som ofrar livet til si eiga dotter i ein illegal abort, framfor at det skal komme ut i at ho har hatt sex utanfor ekteskapet.
- Historia har vunne mange slag for oss, når det gjeld openheit rundt seksualitet. Kvinners rett til sjølvbestemt abort er noko vi tek for gitt. Men - kanskje vi ikkje skal gjere det? Kanskje skal vi vere meir på vakt? undrar Miriam. Ho trekker ein parallell til det å sjå i bakspegelen når ein køyrer bil.
- Vi trur vi ser historia i bakspegelen på god avstand, men så oppdagar vi at vi faktisk køyrer i ring. For kor er vi på veg i dag, eigentleg?
Regissøren referer til ein nymoralistisk vind som blæs over Europa, hand i hand med populisme, kristenkonservatisme, falske fakta og kunnskapsløyse.
- Eg trur mange, kanskje spesielt unge, vil finne mykje å kjenne seg igjen i, meiner ho.

Vårløysing frå 1891 gjorde Frank Wedekind til ein av dei mest omstridde forfattarane i moderne tysk litteratur.

Vinnar eller tapar

Vårløysing viser også eit konkurranseprega skolesystem der det blir skapt taparar og vinnarar.
- Dette er sjølvsagt litt sett på spissen, men skamma og einsemda ein kan kjenne når ein ikkje lukkast, eller kjenner seg bra nok, trur eg mange unge i dag kan kjenne seg igjen i, seier Prestøy Lie og legg til at generasjonskonflikten i stykket, der dei unge må ta konsekvensane av at dei vaksne lyg, fråskriv seg ansvar, og ikkje gir dei verktya dei treng for å takle eigne liv, kastar skuggar langt inn i vår eiga tid. Og dette får fatale konsekvensar:

Petter Winther har både komponert delar av musikken og spelar rolla som Moritz i stykket. Han er under slikt press for å lykkast med studia at han ikkje ser nokon annan utveg enn døden, når han stryk på skolen. Foto: Eirik Malmo.

- I protest mot samfunnet bryt det ut ein sjølvmordsepidemi blant dei unge som ikkje taklar presset. Dei vaksne og dei med makt gjer på si side alt for ikkje å bli haldne ansvarlege, forklarar regissøren for stykket. Ho snakkar vidare om barn som skammar seg over kroppar som ikkje liknar dei Snap-filterretusjerte bilda av kjendisar og ikkje vil dusje på skolen. Om foreldre som i aukande grad oppdrar barna ved bruk av skam: Ein skal kjenne skam over å ha lyst på ting, over å tenkje på seg sjølv før andre, over ikkje å gjere lekser. – Litt skam er bra, men eg trur vi er i byrjinga av ein ny skam-alder. Og det er ikkje berre bra.

Sarah Francesca Brænna på filminnspeling som Wendla Bergmann. Ho overlever ikkje den illegale aborten etter at ho blir valdteken av vennen Melchior. Foto: Eirik Malmo.