Meininga med livet, rett og slett

Gina Hermine Bernhoft Gørvel - aktuell i Leve hemmeleg

- Joda, det stemmer vel at eg kjem ifrå ein kunstnarleg belasta familie, kan du seie.

Mor og far min var skodespelarar, bestefaren min spelemann og oldefaren kunstmålar. Det er klart det har prega meg som menneske. Eg var mykje med mor mi på jobb på Nationaltheatret, det var huskonsertar i feriehuset på Voss, det var diskusjonar om kunst og kultur, og interessante folk som kom på besøk. Eg hadde veldig ærefrykt for teateret, samstundes som eg syntest det var enormt fascinerande med teater og film. Men eg var nok eit ganske sjenert barn, og det tok lang tid før eg fann min veg til skodespelaryrket, med tanke på at eg er eit «skodespelarbarn». Eg var ikkje eit slikt barn som var statist frå eg var lita, men inst inne hadde eg ein veksande hemmeleg draum.

Det kan kanskje minne litt om den teksten som er «tittelsporet» i framsyninga Leve hemmeleg, som eigentleg er ei rad ulike småtekstar av Jon Fosse. Det handlar om å ville bli sett, men likevel vere usynleg. Dette er eit tema som engasjerer meg som ung skodespelar med ei litt reservert privat side. Det er veldig sånn; på den eine og den andre sida, veldig motstridande eigeninteresser.

Fosses tekstar er veldig komprimerte, ja, ein kan seie komponerte, som musikkstykke. Ingenting er tilfeldig. Det er umogleg å legge til noko eigen tekst. Fosse seier ikkje kva han tenkjer, men legg alt i pausane. Medan ein annan eg har veldig sansen for, Fredrik Høyer, seier ALT han tenkjer. Språk og korleis vi snakkar er interessant. For meg handlar Fosses tekstar til sjuande og sist om kjærleik, tilknyting, tilhøyrsle. Meininga med livet, rett og slett.

FORTALT TIL Åsne H. Dahl Torp. FOTO: Siren Høyland Sæter