Frå blokk til blokk

Fela, Castro og Don Martin er lyden av Oslo aust.

...fra mellom bakkar og berg til blokkene i Groruddalen,
hører du lyden av min ode til hovedstaden...
FOTO Michael Ray Vera Cruz Angeles

Don Martin, Castro (Jonathan Castro) og Fela (Felipe Orellana Castro) har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege raptekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt. I framsyninga Blokk til blokk fortel dei historiene sine og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine.