Ekteskap og utanforskap

Ein kan kjenne seg åleine sjølv om ein er i lag med andre, og ein kan kjenne seg utanfor og einsam sjølv om ein er gift. Ekteskapet er ein kunst - og er derfor også eit kjært tema i kunsten.

I dag las våre skodespelarar Ane Dahl Torp og Gard Skagestad frå Geir Gulliksens kritikarhylla roman Historie om et ekteskap på Litteraturhuset. Ane er for tida aktuell med framsyninga Haugtussa av Det Norske Teatrets stamfar Arne Garborg, medan Gard skal gje seg i kast med sjølvaste Fosse til hausten.

Geir Gullikstad og Kronprinsessa var innom store og interessante tema i kveldens samtale. Boka Historie om eit ekteskap har gått sterkt innpå dei som har lest den. Ho går inn i mykje av det vi aldri snakkar om - kjærleiksrelasjonen mellom to menneske og detaljane som skjer mellom to kroppar. Det er intimt, nært, tett og sårt. Geir Gulliksen har klart noe få andre får til - det å skildre seksualiteten mellom to menneske på ein vanleg måte med detaljar, utan at det skal vere pornografisk. Boka handler også om korleis det alltid er eit maktspel i eit forhold - og at begjær eigentleg handlar om makt. Kronprinsessa omtalar Geir som ein kjærleiksmisjonær - og det stemmer, for han trur fullt og fast på kjærleiken, sjølv om han beskriv eit ekteskap som ikkje har det bra. Han meiner vi må snakke mykje meir om kjærleiken - for det å finne den er så stort!


Ekteskap, familie, forhold, kjærleik og mellommenneskelege relasjonar. I fjor slo Tiller hol på familieidyllen i Kven er redd?, og denne hausten skal vi bli med Fosse på å dissikere ekteskap og familieband i Draum om hausten. Her spelar Gard Skagestad hovudrolla som mannen som er utru og går ifrå kona si, og med dette mistar kontakten med både eigne foreldre og sin eigen son.

Konkurranse - vinn teaterbillettar + bok!

Det Norske Teatret sette i si tid også opp Jon Fosses første teaterstykke. Kva var tittelen? Vinnarane blir kontakta på e-post og publisert på denne sida innan 6. juni.