Bakgrunnsartikkel

Ei ubehageleg slektshistorie

Hundre år tilbake i tid, det er på ein måte nært og samstundes så langt unna.

Skrive av
Carl Morten Amundsen
Dramaturg

Gjertrud Jynge skal lage ei framsyning ho har valt å kalle Frå landevegen. Det skal handle om noko personleg, om tippoldefaren hennar, Jakob Walnum, den første generalsekretæren i Omstreifarmisjonen. Tittelen spelar på bladet som misjonen gav ut, Fra Landeveien. I nesten hundre år eksisterte denne organisasjonen som var retta inn mot taterane, splinten, fanten, dei reisande eller romanifolket. Mange namn har dei hatt, denne gruppa av folk som dukka opp i Noreg og i resten av Skandinavia på 1500-talet.

På slutten av 1800-talet blei taterane oppfatta som eit problem. Eilert Sundt hadde drive deltakande observasjon, skrive om dei, levd med dei og lært seg språket deira i 1850-åra. Jakob Sverdrup tek opp saka i Stortinget i 1893, han snakkar om «fantevesenet». Sverdrup etterlyser nokon som kan ta opp arven etter Sundt. Det handlar om eit kristningsarbeid og eit busetjingsarbeid. Fetteren til Sverdrup, Jakob Walnum, sokneprest i Leikanger tek opp hansken. Han skulle bli Omstreifarmisjonens første generalsekretær.

Jacob Walnum er tippoldefaren til Gjertrud Jynge. Det er hans historie Frå landevegen er basert på. Foto: Privat.

– Det var tippoldefar min, seier Gjertrud. På farmor si side. Eg har tenkt på det ofte; kor fjernt og kor nært hundre år er. Mormor, til dømes. Hennar mor døydde i barselseng etter å ha fødd sitt tolvte barn. Mormor drøymde alltid om å gå på skule. Det fekk ho ikkje, ho måtte drive gardsarbeid som ho hata, og etter kvart fekk ho lære å sy. Ho sytte for at hennar barn igjen fekk utdanning, men ho opplevde også at eit av barnebarna hennar kom og var skulelei. Søstera mi, kledd i svart droppa ut av skulen. Korleis skulle mormor forstå dette? Ei lang reise i eit og same liv. Det har skjedd mykje i det norske samfunnet det siste hundreåret.

Eg spør Gjertrud om denne tippoldefaren hennar, Jakob Walnum (1851 – 1925), om kven han var?

– Han var av presteslekt. Det var prestar i generasjon etter generasjon i den delen av familien, frå 1500-talet og frametter. Far til Jakob var prest i Nykirken i Bergen, og det var i Bergen han vaks opp. Bror hans var òg prest forresten, og då Jakob blei sokneprest i Leikanger, etablerte dei to brørne sin første barneheim. Men sidan styrarinna på heimen ikkje ville ha noko av at taterungar fekk bu på heimen, vakna Walnum sitt engasjement for denne folkegruppa. Han skulle vere ein mellomting mellom misjonsorganisasjon og statleg direktorat.

Barn av taterslekt på Jacob Walnums barneheim. Foto: Privat.

– For hundre år sidan handla dette om kven som var norske, seier Gjertrud. – Ideen om det norske var knytt til bondekulturen. Det var viktig å avgrense seg frå andre, dei som ikkje var ein del av det norske, og sjølv om dei hadde budd i landet i meir enn tre hundre år, blei dei haldne ute. Dei var ikkje ein del av oss. Etter tippoldefar blei det verre. Han gjekk av som generalsekretær i 1918 fordi han hadde dårleg helse. I 1930 gjekk den store psykiateren og seinare motstandsmannen Johan Scharffenberg til harde åtak på Omstreifarmisjonen. Dei dreiv og tok seg av desse ungane, sa han, men dei gjekk ikkje laus på hovudproblemet, og det var at omstreifarane sette barn til verda. Fem år seinare sluttar Omstreifarmisjonen seg til dette synet under den nye generalsekretæren Ingvald Carlsen, og så starta steriliseringsprogrammet. Vi er i trettiåra og rasehygienen har mange tilhengjarar.

– Sjølv om han var gått av då rasehygienen verkeleg sette inn, skjedde det ei utvikling også i tippoldefar si tid. I byrjinga var dei opptekne av å frelse heidningar i eige land, og borna blei sett på som uskuldige. Dei skulle få kristen oppseding, og taterane skulle medverke frivillig. Dei skulle gi frå seg barna frivillig, og dei skulle delta på arbeidsleiren frivillig. Men det tok ikkje lang tid før det blei meir og meir tvang.

Arbeidarar på ein av Ostreifarmisjonens arbeidsleirer. Foto: Privat

– Kjenner du skam for dette?

– På eit vis, endå det finst ikkje nokon sakleg grunn for det. Farmor var stolt over bestefar sin. Han var jo ein stor mann i si tid. Han ligg på Vestre Gravlund med ei vakker bronsebyste.På støtta står det "De hjemløses venn". vi ser det annleis no, og eg kjenner eit samfunnsansvar. korleis er det no? Er assimileringspolitikken der framleis? Eg trur det. Eg trur det er mykje av desse haldningane som finst blant oss i dag. Det finst der kanskje meir skjult. Taterane er anerkjent som nasjonal minoritet, men dei blir framleis usynleggjort, gløymt når ein inviterer til offisielle tilstellingar, utegløymt frå lærebøker i historie. I haust fekk vi høre om taterkvinna som ikkje fekk kjøre taxi i Kongsvinger. Eg las òg ein kronikk av Marthe Wexelsen Goksøyr. Ho seier at hennar minoritet, dei med Downs syndrom, no er i ferd med å skulle bli utrydda, slik taterane blei forsøkt utrydda. Sjølv om språket har endra seg, har vi stadig problem med dei som er annleis. Vi synest vel ofte at dei burde ta seg saman og bli slik som oss.

– Korleis blir forma i framsyninga?

– Eg vil jo vere personleg, og eg kan ikkje ta på meg å fortelje heile historia til taterane. Det kan eg ikkje. Jo meir eg har lese, jo vanskelegare vert det å skape eit heilskapleg bilde. Det er så mange ulike historier, så mange ulike tolkingar av det som har skjedd. Eg kan jo heller ikkje forstå tippoldefar, for han levde i ei anna tid og tenkjer annleis. Men eg kan kanskje forstå i glimt, og eg vil syngje songane til taterane. Ikkje som tater, men som den eg er; skodespelar og formidlar, tippoldebarnet til ein mann som kanskje ville noko godt, hjelpe og frelse, men som skapte så mykje liding.