Bakgrunnsartikkel

- Eg trur ikkje teatersjefen torde å seie nei.

Skodespelar Grethe Ryen går av med alderspensjon med ei personleg framsyning med dikt av Olav Nygard som ho sjølv vil iscenesette.

Eg trur ikkje teatersjefen torde å seie nei da eg la fram prosjektet mitt. Hahaha! No som eg snart skal gå av med alderspensjon, ville eg gjerne lage ei framsyning som løfta fram verket hans. Nygard var bondesonen som rakk å gi ut fire diktsamlingar før han døydde knapt 40 år gamal. Han var òg skodespelar på den første turneen med Det Norske Spellaget, det som seinare la grunnlaget for Det Norske Teatret.

Eg har levd heile livet i teateret, sjølv om planen eigentleg var å bli lærar. Mormor og morfar var skodespelarar, og frå 12-årsalderen sette eg opp stykke saman med vennene mine. På gymnaset fekk eg spele i ei oppsetting av Antigone og instruktøren meinte eg burde søke teaterskolen. Eg rakk å prøve meg som lærar eitt år innan eg søkte og kom inn. Etter utdanninga kom eg til Riksteatret og etter eitt år fekk eg tilbod frå Teatret Vårt, og drog dit. På den første turneen med Riksteatret møtte eg Nils (Sletta – red. merk) og sidan har vi halde saman, både som kjærastar og som kollegaer. Tov og Ragnhild, barna våre, er begge med i framsyninga Eit liv, som blir mi siste ved Det Norske Teatret.

Eg er takknemleg og glad for alle roller eg har fått bryne meg på. Målet mitt har vore å gå inn i kvar einaste rolle med det eg kan gi. Kjærleiken til teateret er like sterk no som da eg starta. Det har vore hovudroller, periodar med få og ingen roller, eg har kjent på stor arbeidsglede og eg har lært mykje gjennom desse åra. Den store sorga mi er at eg no er i ferd med å miste den viktigaste reiskapen eg har. Sjukdommen ALS har tatt frå meg stemma mi. Derfor er dei aller fleste av dikta til Nygard lese inn på band, og Tov og Emil R. Jørgensen framfører mange av dikta. Men eg skal likevel forsøke å lese det siste diktet frå scenen. Det er berre to vers, og tittelen er God natt.

FORTALD TIL Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter