Bakgrunnsartikkel

Dølen Vinje

I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Dette er eit utmerkt høve til å fordjupe seg i litteratur både av og om Vinje, og det er nok å ta av.

27. oktober blir Vinje feira med fest-framsyning på Det Norske Teatret.

Berre dei åra han var Kristiania-korrespondent for Drammens Tidende (1851-1859) skreiv han eit utal artiklar, der han avslører imponerande innsikt i journalistikk og europeisk åndsliv. Tonen er allereie her snerten og full av bitande ironi, noko som heilt sikkert var ei av årsakene til at Vinje raskt vart ein populær skribent.

Da Vinje i 1858 begynte å gi ut einmannsbladet Dølen, vinka han samstundes farvel til dansk som skriftspråk:
Jeg beder herved den ærede Leser om Tilgivelse, fordi ogsaa jeg engang var saa svag og arm og uvidende, at jeg vanærede min norske Haand med at skrive Dansk, at jeg saaledes syndede mot Fædrelandets Aand og gjorde Mit til at slukke den siste Rest av dens Liv; jeg skal ikke gjøre det mere.
Drammens Tidende, nr 45, 1859

I same artikkel poengterer han med sedvanleg kvass ironi: «Er Tiden endnu ikke forberedt paa at nyde mit Dølemaal, saa har jeg et godt Middel i Baghaand, og det er at tie stille.»

Heldigvis blei ikkje det nødvendig. Det er vel uansett lite truleg at Vinje hadde vore i stand til å halde kjeft – han verkar ustoppeleg i si meiningsytring, og i Dølen kunne han vere heilt fri og sparke i både den eine og andre retninga. Han skriv essay, artiklar, reiseskildringar, dikt og meldingar, og han skriv lange, personlege avhandlingar om store og små hendingar på Stortinget. Språket hans er i evig rørsle, landsmålet er i støypeskeia og Vinje er med på formingsprosessen. Han skriv om språk også, særleg scenespråk opptar han, og han kritiserer Oslo-teatera for å la skodespelarane knote på dansk i staden for å snakke det språket som er naturleg for dei, og naturleg for publikum.

Avismann inntil beinet

Med Dølen skapar han seg nærast eit alter ego, det er vanskeleg å seie kor Dølen sluttar og Vinje begynner, eller i kva grad han sett seg sjølv i scene i sitt vesle vekeblad. Sitatet «Dølen er eit menneske og ikkje noko daudt blad,» vitnar om korleis Vinje identifiserer seg med Dølen, og korleis dei to nærast er eitt. «Dølen» blei etter kvart Vinjes kallenamn.

Utgangspunkt i verkelegheita

Mykje av det Vinje skriv gir inntrykk av å vere sjølvopplevd, samstundes som det er opplagt at han ofte pyntar på sanninga og spissar historiene for å få dei til å passe til poenget han vil ha fram. Denne stilen er den same som han brukar i Ferdaminne frå sumaren 1860, som kanskje er det verket han er aller mest kjent for i våre dagar. Her finn vi òg nokre av dei aller vakraste dikta hans, til dømes Ved Rondane:
No ser eg atter slike fjell og dalar,
som deim eg i min fyrste ungdom såg,
og sama vinden heite panna svalar,
og gullet ligg på snjo som før det låg.
Det er eit barnemål som til meg talar
og gjer meg tankefull men endå fjåg.
Med ungdomsminne er den tala blandad:
Det strøymer på meg så eg knapt kan anda.

Ja, livet strøymer på meg som det strøymde,
når under snjo eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde,
når slike fjell eg såg i lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde,
når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,
når soli heim til notti vil meg lysa.

Framoverlent

Vinje hadde eit framtidsretta perspektiv, og han var opptatt av både politisk og teknologisk utvikling. Derfor var det ikkje så rart at han var fascinert av Storbritannia. I 1862-63 budde han der i nesten eit år, etter å ha fått offentleg støtte for å studere og skrive om forholda der. Resultatet av opphaldet blei boka A Norsemans view of Britain and the British. Her gir han ein kritisk analyse av det britiske samfunnet, og han legg ikkje skjul på at han vender lettare desillusjonert heim igjen. Boka fekk god mottaking i britisk presse, men heime i Noreg blei ho møtt med likegyldigheit, og Vinje gjekk vanskelege økonomiske år i møte.

Dramatisk slutt på livet

Trass i manglande aksept i form av statsstøtte, og trass i at han hadde gjort seg sjølv til ein kontroversiell person i norsk kulturliv, så heldt han fram med å gi ut Dølen like til sin død. Rett nok kom bladet i periodar ut med ujamne mellomrom, men det tok ikkje slutt før Vinje døydde i 1870. Da hadde han endeleg nådd å gifte seg, med den fråskilde lærarinna Rosa Kjeldseth, og fått ein son med henne. Lykka vart dessverre altfor kort, ho døydde berre få dagar etter fødselen. Dødsfallet gjekk hardt innpå Vinje, som sjukna hen og døydde berre nokre månader seinare.

Vinje etterlet seg ein unik nasjonalskatt av tekstar. Han var ein pioner innanfor utviklinga av norsk språk, kultur, journalistikk og litteratur. Fleire av tekstane hans er sentrale verk i den norske kanon, til dømes Om Vaaren, Blåmann bukken min, Storegut og Ferdaminne. Fleire av dikta hans er tonesette av Edvard Grieg.

TEKST: Ingrid Weme Nilsen, dramaturg